I 2021 vart det fatta vedtak i kommunestyret i Sogndal om at kommunen skulle kjøpe Saften på Hermansverk og nytte dette til kontorbygg for administrasjonen for Sogndal kommune. Denne veka vart det klart at Sogn Avis, som leiger det aktuelle arealet i dag, har funne seg nye lokale i Sogndal. Tre år etter hundreårshubileet for Halvard Drægni sin konservesfabrikk på Hermansverk, på folkemunne kalla Saften, startar med andre ord ein ny epoke for det gamle fabrikkbygget. 

Historia om Saften

Soga om saft- og syltetøyprodusenten Halvard Drægni er ei klassisk gründerforteljing. Det heile starta då Halvard og kona Ingrid i 1900 reiste til Bergen, og nærast på slump vende heim att med 10 tønner blåbær. Ein handelsmann i byen sleit med avsetnaden, og truga med å kaste bæra på sjøen dersom ikkje Drægni kjøpte dei. Heime i Luster gjorde Ingrid blåbæra om til smakfull saft. Resten er historie.

Det var ikkje hogge i stein at det skulle gå slik. Halvard tok i 1891 over faren sin landhandel i Skjolden. Korkje han eller kona hadde planar om å starte med saftproduksjon. I byrjinga var det dessutan ein kamp om å få selt det ekte naturproduktet dei laga. Konkurransen mot billeg “kjemisk saft” var tøff.

POB_Saften_002.jpg

Illustrasjon frå arkivet: Reklame for den alkoholfrie naturvinen Jotunheimer. Halvard Drægni var ein ihuga fråhaldsmann, med langvarig medlemskap i IOGT. 

Men Halvard Drægni var ikkje typen som gav opp. Med pågangsmot og velutvikla marknadsføringsteft skapte han stor etterspurnad for eigne produkt. Det var heller ingen ulempe at han sopte inn prisar for varene sine. 

POB_Saften_003.jpg

Illustrasjon frå arkivet: Utstillingsmonter for Halvard Drægni. 

Dei første åra gjekk det berre i saftproduksjon. I 1905 kom syltetøy inn på varelista. Seinare utvida Drægni produktutvaltet til også å omfatte marmelade, hermetikk og fruktvin. Den enkle heimeproduksjonen gjekk over til fabrikkframstilte varer.

Under den første verdskrigen auka omsetjinga mykje. Det blei klart for Drægni at bedrifta måtte få eit meir solid fundament. Han ønskte også at fruktdyrkarane i Sogn skulle bli interessentar i selskapet. I 1919 gjorde Drægni verksemda om til eit aksjeselskap: Halvard Drægni - Sogns Frugtkonservering A/S. 

Dette selskapet bygde samstundes ny fabrikk på Hermansverk. I motsetnad til Skjolden, der fjorden ofte låg islagd om vinteren, hadde Leikanger heilårskommunikasjon. Fabrikken på Hermansverk fekk etterkvart namnet Saften hjå bygdefolket.

Nye Saften

1. juli 1974 fusjonerte Halvard Drægni A/S med Bergensmeieriet. Det nye selskapet fekk namnet Bergens & Drægni Produkter A/S. Bakgrunnen for samanslåinga var ein tøffare marknad. Avisa Sogn og Fjordane la det fram på denne lettfattelege måten i ein artikkel frå 1972: “Det har dei siste åra vorte stadig hardare klima i syltetøy-bransjen og ein må hengja med i stroppen for å fylgja med i galoppen”.

Det vart lagt opp til at også den andre store konservesfabrikken i Sogn, Lerum Saftfabrikk, skulle inn i det nye konsernet, men styret sa nei til planane om fusjonering. Derimot kom Lerum på bana og kjøpte fabrikken då Bergens & Drægni Produkter gjekk konkurs tidleg på 1980-talet.

Lerum laga mellom anna brussortane 7up og Pepsi på Hermansverk, men la ned produksjonen i 1998. Deretter gjekk det omlag 10 år før det opna ein fleirbrukshall på området der den gamle konservesfabrikken låg. 

I samband med at den nye storstova på Hermansverk skulle namnsetjast, kom det opp ulike forslag, men den lange og ærerike industrihistoria på staden synte ikkje att i nokon av dei. Då slo journalisten og kulturarbeidaren Henning Rivedal gjennom: «Men dette er jo tomta der den gamle Saften låg!» 

Og slik vart det. Saften fekk leve vidare, men fylt med nytt innhald. I dag er det idrettshall, butikkar, avishus og ølbryggeri der Halvard Drægni for 100 år sidan gjekk i gang med saftproduksjon. 

POB_Saften_005.jpg

Illustrasjon: Leikangerhallen (Saften) i 2019: Der det før vart produsert saft, syltetøy og brus er det no heilt andre aktivitetar som fyller lokalet.

Arkivet etter Halvard Drægni

Fylkesarkivet oppbevarer eit stort arkiv frå Halvard Drægni - Sogns Frugtkonservering A/S. Mykje av det består av rekneskap, men det finst òg ein del dokumentasjon om bærleveransar, tingingar, løningslister og anna materiale vi kan forvente å finne i slike bedriftsarkiv. 

I omfang tøyer arkivet seg over 30 hyllemeter. Det er med det eitt av dei største privatarkiva vi oppbevarer. Arkivet inneheld også protokollar frå landhandelen Drægni dreiv i Skjolden.  

Litteratur og kjelder