Albert Abrahamson Joleik (fødd 1880 i Flora og død 1968 i Naustdal) var redaktør for Gula Tidend. I 1919 byrja han å gi ut to ark med historisk og kulturhistorisk stoff frå Sunnfjord saman med avisa. Han oppfordra lesarane å klyppe ut sidene, samle dei og binde dei saman til eit hefte når året var omme. Seinare kom det eit tilbod om å få heftet særskilt til kr. 1,80 for året.
Joleik skreiv av mange statlege kjelder som han presenterte. Han gir også att utdrag av Snorres kongesoger. Vi finn avskrift av skifte og oversyn over prestar («Prestar i Sunnfjord fyre aar 1600»). Her finn vi årsaka til at Krispinus blei brukt som mannsnamn i Jølster.
Joleik refererte historisk stoff, men han kommenterte det også. Offiseren i han kom klart til uttrykk i stykket hans om Kalmar-ufreden 1611-1613. Det var mange av dei utkommanderte som reiste heim utan løyve. Det blei dei jo straffa for. Joleik kom med klare meiningar om offiserane si dugløyse. Dei skulle ha aktivisert soldatane med «eksis» i staden for å la dei gå å slenge. Då ville dei ha skjøna kvifor dei var der.
Hefta inneheld også mykje folkeminne. Her er både segner og ordtak. Ei segn vil eg trekke fram her. Den er stadfesta til Haukedalen, men det er no kanskje ei vandresoge?:
Høymola i Haukedalen
«Det var lenge dei ikkje hadde høymola i Haukedalen. Men nár haukedølerne gjekk (yver skardet Skryklingjinn) til Jølstr, ság dei at der høymola stod, var god mark, so dei trudde det fylgde henne noko godt. So var det eingong dei tok med seg høymolefræ heim, og sádde. Og sidan hev dei sloppe sakna høymola i Haukedalen. (Soleis fortel Tore Veiteberg, Jølstr.)»