Sogn og Fjordane Fiskarlag runda 100 år hausten 2018. I det høvet passa det godt å ta inn arkivmateriale frå lokale fiskarlag. Eldst er det frå Batalden, med ei møtebok som går attende til 1913.
Elles er dei private arkivinnleveringane prega av eit stort spenn, både når det gjeld innhald, omfang og periode dei dekkjer. Nedanfor følgjer ei liste over arkiva, med lenke til Arkivportalen, der det finst meir opplysingar om dei.