To nye medarbeidarar er på plass på fylkesarkivet, og om ikkje lenge skal til tilsette fleire - to stillingar er lyst ut med søknadsfrist 2. februar

Fotoarkivar

Hedvig Ølmheim.jpgHedvig Ølmheim er tilsett i fast stilling som fotoarkivar på fylkesarkivet. Hedvig kjem frå Norane i Sogndal kommune, og har utdanning frå universitetet i Tromsø der ho har studert historie og russisk kultur. Dei seinaste åra har ho arbeidd ved Perspektivet museum i Tromsø. Den siste tida har Hedvig vore tilsett i ei prosjektstilling på Fylkesarkivet, og tek også med seg mykje god erfaring frå dette arbeidet. 

- Eg gler meg til å bruke min kunnskap om formidling, kulturhistorie og fotografi i arbeidet med fotobevaring hjå fylkesarkivet, seier Hedvig.

Hedvig er nøgd med å vere attende i vakre Sogn, men skal arbeide med foto frå heile det nye storfylket og håpar også ho snart får høve til å reise rundt i samband med dette. 

Musikkarkivar

Karl Peder Mork.JPGKarl Peder Mork er tilsett i eit viariat i som musikkarkivar, og skal ha det daglege ansvaret for fylkesarkivet sitt arbeid med spesialsamlingar innan musikk. Karl Peder skal jobbe både med med bevaring og formidling, og materialet det er snakk om er dokumentasjon av tradisjonelle musikk- og dansepraksisar i Vestland. 

Karl Peder er opphavleg frå Oslo, og har ein mastergrad i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo. Han har og teke vidareutdanning innan kulturleiing, og har dei siste åra vore administrativt tilsett ved ein privat musikkskole i Oslo. No har Karl Peder flytta til Sogndal, og på fritida engasjerer han seg i målsaka, eller fordjupar seg i ny musikk han har kome over.