Tidlegare i september gjekk Gloppen musikkfest av stabelen. På programmet på opningskonserten stod bestillingsverket «Kildeskrift» av Erlend Apneseth og Ørjan Matre. Til dette verket har komponistane henta inspirasjon frå innspelingar ved musikkarkivet ved fylkesarkivet i Vestland fylkeskommune. Les meir i saka frå Firda Tidend: Ein festkveld for musikken (bak betalingsmur).

Erlend Apneseth kjenner godt til musikkarkivet frå tidlegare arbeid, som til dømes samarbeidsprosjektet Arvesølvet i 2017.Då var det musikarane Erlend Apneseth, Øyvind Hegg-Lunde, Hilde Marie Holsen og Linda Gytri vitja som tok nokre djupdykk i musikksamlinga for å nytte lyden av fortida som kjelde til kreativitet og nyskaping. 

Musikksamlinga ved fylkesarkivet består av over 15300 opptak av folkemusikk frå fylket. Kanskje finn du noko her til ditt neste prosjekt? Søk i vårt webarkiv for musikk eller ta kontakt

 

Gloppenmusikkfest_2021_Skjermbilde 2021-09-20 114251.png