Mange av opptaka i musikkarkivet held svært høg kvalitet både lydteknisk og musikalsk. Av dei nyare dokumentasjonane finn vi gjerne opptak av offentlege konsertar og musikalske portrett av enkeltutøvarar. Men blant dei eldre dokumentasjonane finn vi opptak med utøvarar som truleg aldri har stått på ei scene, og opptak som kanskje ikkje held særleg høg lydteknisk kvalitet.
Likevel er dette verdfulle dokumentasjonar som seier noko om kulturen vår, og at musikk er og har vore ein integrert del av samfunnet vårt . Og lydopptaka seier noko om korleis musikkpraksisen vår har vore i kvardag, fest og høgtid.
Fleire av opptaka du får høyre i adventskalendaren vil aldri finne vegen til platehylla, og kanskje har utøvaren du høyrer aldri framført noko offentleg. Vi trur likevel dei vil vere til glede og inspirasjon for deg som lyttar til.
God førjulstid!