Fylkesarkivet var inviterte til Bergen for å snakke med sogelaga i Hordaland om foto og digitalisering. Dei utsendte var fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl og rådgjevar Silje Engeland. Fidjestøl fortalte om korleis fylkesarkivet i Sogn og Fjordane fungerar og litt om korleis ein kan tenke seg at det blir framover mot samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. Han fortale òg om korleis fylkesarkivet jobbar med foto, og hadde med fleire dømer på arkiv som vi har jobba med og har i våre databaser.
Engeland viste fram dei ulike plattformene som fylkesarkivet tar i bruk for å gjere materiale synleg og for å formidle arbeidet vårt. Spesielt interessant for sogelaga var fylkesarkivet sine kontoar på instagram og nettsida skulenmin.no.
Samarbeid
Det var òg innlegg av Rolf Erik Veka frå Vaksdal sogelag, og seniorrådgjevar i Hordaland fylkesarkiv Sturla Binder. Veka fortalte at Vaksdal kommune og sogelaget der allereie samarbeidar med fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om bevaring av fotografisk materiale. Han snakka varmt om samarbeidet og oppfordra dei andre sogelaga om å vere nysgjerrige på fylkesarkivet. Noko dei to utsendte frå fylkesarkivet synest var positivt å høyre.
Sturla Binder fortalte om ståa i Hordaland fylkesarkiv og litt om korleis dei arbeider med fotografisk materiale.
Eit felles fylkesarkiv i Vestland
Frå januar 2020 vil fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og i Hordaland vere eit felles fylkesarkiv, og sogelaga vil da kunne ta kontakt med rådgjevarane både i Bergen og på Leikanger. Målet med møte var å synleggjere fylkesarkivet og vi vonar at dette vil vere starten på å gjere fylkesarkivet kjent i heile Vestland fylke.
Det var veldig spennande å møte eldsjelene som hadde møtt opp. Dei uttrykte stort engasjement for deira lokale kulturhistorie, noko fylkesarkivet gjerne vil bidra med å ta vare på. Vi gler oss til å ta fatt på samarbeidet!