Ein skule med lang fartstid

Garden Mo vart jordbruksskule i 1858 og er den nest eldste jordbruksskulen i landet som enno er i drift. Den første jordbruksskulen i fylket vart starta på Vestreim i Sogndal i 1846 av proprietær Lars Westrem. På 1850-talet vart det strid mellom Westrem og fylkeskommunen, som i 1856 i staden kjøpte garden på Mo i Førde. Fylket kjøpte garden av Ola Abrahamsen Mo for 18 000 kroner. Den første hovudbygningen kom frå garden Skaug i Fresvik og vart sett opp i 1862. Det vart også bygd ny løe og fjøs i eit vinkelbygg aust for hovudbygningen. Sidan den gang har skulen gjennomgått fleire byggetrinn og i 2006 fekk skulen nye moderne driftsbygningar med blant anna lausdrift og mjølkerobot.  

I 1992 vart Mo Jordbruksskule slegen saman med Heimyrkeskulen på Vassenden og fekk namnet Mo og Jølster vidaregåande skule. I 2014 vart avdeling Vassenden lagt ned og avdeling Mo vart slegen saman med Øyrane vidaregåande skule for yrkesfag i Førde.

Du kan lese meir om historia til Mo jordbruksskule på Kulturhistorisk Leksikon.

Elevar i arbeid.jpg

Mo Jordbruksskule 1943-1944. Pløying med hest. Bilete frå ca 1943-1944. Dette er Mo-elevar som gjekk samtidig som pløyer med hest. Bjarne Sandnes står heilt til venstre og held plog og taumar. Biletet er truleg teke om hausten. I bakgrunnen ser vi fjellet med snø i toppen. Fotograf ukjend.

Martin Luther Storm

Mo jorbruksskule låg an til å få ei kort levetid når fylket la ned skulen i 1870, men Martin Luther Storm ville det annleis. Han vart styrar på Mo i 1873 og fekk avtale med fylket om å personleg drifta både garden og skulen fram til 1907 då fylket på ny tok over. Han la ned mykje arbeid i skulen og var ivrig innan skogplanting og dreiv nydyrking. 

Ordensreglar Mo jordbruksskule.jpg

Ordensreglar utarbeidd av Martin Luther Storm. 

Midt på tunet på skulen er det sett opp eit monument til minne om Martin Luther Storm. Det kan du lese meir om på Kulturhistorisk leksikon

Martin Luther Storm døydde i 1916. I 1922 reiste elevar og vener ein minnestein på grava hans på kyrkjegarden i Førde. Den kan også lese om i Kulturhistorisk leksikon.

Mo jordbruksskule på fylkesarkivet

Vi finn spor etter Mo jordbruksskule fleire plassar i fylkesarkivet sine samlingar. Den største bolken er arkivet etter skulen som står oppbevart hjå oss. Arkivet er omlag 13 meter med arkiv og strekk seg heilt tilbake til dei første driftsåra i 1858 og fram til 1997. 

Fullstendig arkivkatalog finn du på arkivportalen.no

Vi har også fleire fotosamlingar med foto frå skulen. Om ein søke i fotoarkivet får vi fram foto av bygningar, elevar og drift av skulen. Ikkje minst har Sunnfjords-fotografen, Olai Fauske fotografert skulen ved fleire høve. Vil du sjå fleire bilde frå Mo kan du følgje denne lenkja: Fotoarkivet.

Mo jordbruksskule SFFf-1989013.181101.jpg

Mo Jordbruksskule med Huldefossen i bakgrunnen. Driftsbygning i vinkel til venstre. Fotograf: Olai Fauske.