Anders Lothe vart fødd 1875 i Gloppen. Han vaks opp på ein husmannsplass under Lote, no ein del av Eid kommune. Anders var lærar, sogeskrivar og politikar. I åra 1928-30 og 1933-1945 sat han på Stortinget for Arbeidarpartiet.

Arkivet speglar mangfaldet i aktivitetane hans. Vi finn manus til den store målreisingssoga for Sogn og Fjordane, ein del korrespondanse, saker om politikk m.m. Katalogen ligg på Arkivportalen.

Med sosialistisk helsing frå Tyskland
I arkivet er det ei saksmappe Lothe namsette «Voldgiftsdommen 1928» / «Byrettsdommen over meg» . Bakgrunnen for innhaldet er i korte trekk denne: Bygningsarbeidarar i fleire byar gjekk i 1928 ut i ein ulovleg streik i protest mot ein skilsdom som reduserte løningane med 12%. Anders Lothe var ein av fleire stortingsrepresentantar som blei bøtelagde for å ha gjeve 1 krone i støtte til dei streikande arbeidarane, noko som vart offentleggjort i eit nummer av «Den Røde Ungdom».

Nyhenda om bygningsarbeidarstreiken nådde ut over landegrensene. I Tyskland las Hans Lorenz om bøtlegginga, og skreiv støttebrev til Anders Lothe. Lorenz budde i Hamburg, og var med i Sozialistischer Arbeiter-Jugend. Han hadde budd ei tid i Hyen, og kunne difor litt norsk. Nedanfor er referert brevet han sende til Lothe i 1928. Det er ikkje på plettfritt norsk, men då Lorentz skreiv brevet, var det trass alt fleire år sidan han flytta frå Noreg.

Hamburg 17.6.1928
Hr.
Stortingsmand Lothe
Hyen

De har vest gløymt mig og vejt ikke mer, kven så er Hans Lorenz Tyskland? Jeg har vert på Solheim i Hyen 3 gangar 1922-24. Eg er ifra Dresden, men arbeider no i Hamburg med bokhandlingen. No er det nesten 4 år sidan jeg har vert i Norge, men jeg gløymer aldrig denne fine tid, da jeg var i Norge. Jeg elsker dette landet likeså som før. Vis jeg har tid og penger, så kjøper jeg mig ein norsk avisen og studerer, korleis de går i min 2. hjemmet. igår kjøpte jeg mig “Aftenposten” og læste, at De og nokre ander kara skal betala 500 kroner eller får 18 dagers fengsel. Jeg trur, at dette er De som står i avisen? Jeg finder de styggt, at de politier kaster de, som segger sit meening, i fengsel. I Tyskland har vi hadt dette før krigen. Også min far sat i fengsel før og med krigen for at han gjørt sozialistisk propaganda. Eg er i ein sozialistisk ungdomsorganisasjon i Tyskland førar (lederen). I Hyen har ikke jeg segja dette, før de forsto ikke nokke derifra. Men eg er og blir ein ung sozialist og vil mit heile liv sette på, og arbeider på sosialistisk staten. Vis de vere so snil og skrive mig, så vil jeg blir meget takkar. Hjartelig hilsing

Hans Lorenz
Bergedorf-Hamburg