Arkiva og biblioteka har mange ulike kjelder som er interessante for deg som er interessert i lokalhistorie. I samlingane finn vi skuleprotokollar, referat frå møte i offentlege organ, aviser, kyrkjebøker, fotografi, film og lydopptak. Korleis kan vi best bruka alle desse ulike kjeldene for å danna oss eit bilete av fortida? Og kan vi bruke alt vi finn, eller er det noko informasjon vi bør vera varsame med å bruka?
I samarbeid med seksjon for biblioteksutvikling, skipar Fylkesarkivet til webinaret Kva kan du fortelje? – Lokal medverknad i kjeldearbeid, 17. mars klokka 10.00-13.30. Webinaret finn stad på Teams.
Du kan lesa programmet og melda deg på gjennom denne lenka: www.vestlandfylke.no/kalender/2022/kva-kan-du-fortelje