Artikkel frå Kjelda nr. 1 - juni 2019. Ønskjer du å abonnere? Du kan tinge abonnement via skjema på nett: sfj.pameldingssystem.no/abonner-pa-kjelda.

I serien «Mat frå arkivet» vil vi vise fram oppskrifter vi har funne på «Arkivstabburet» vårt. Her vil du finne oppskrifter frå dei meir kondisjonerte krinsar til tradisjonskost frå vanlige folk i fylket.  Kos deg med litt mathistorie.

Hugsar du den friske, syrlege, men søte surmjølksuppa ? Kvardagssuppa med litt rosiner i som kunne pyntast på med ein kremklatt, kanskje litt hakka mandlar og bli den lekraste søndagsdessert. Det er godt det, for godt til å gå i gløymeboka. 

Oppskrifta på surmjølksuppe kjem frå Lavik kommunale husmorskule, som vart skipa i 1922. Vi har tidlegare presentert både Lavik kommunale husmorskule og andre oppskrifter frå skulen i Kjelda og denne gongen har vi funne fram surmjølksuppa til lesarane våre. Skulen skulle utdanne dei komande husmødrene til å lære å lage mat som høvde i kystnære strok, men surmjølksuppe er nok kjend over det ganske land. Både husmorskulane og kokebøkene, som begge kom frå siste halvpart av 1800-talet, gjorde mange av oppskrifter til felleseige. Lokale variasjonar vil det sjølvsagt likevel alltid vere.

Mjølk – ein viktig ressurs

Frå gamalt av har mjølk vore ein viktig del av det norske kosthaldet, men produkta, bruken og dermed oppskriftene har endra seg i tråd med endringane i økonomi, råvaretilgang og tekniske hjelpemiddel. Surmjølk var frå gamalt av den sikraste og beste måten å oppbevare mjølk på før kjøleskapet si tid og då gjerne som skumma sur mjølk. Fløyten måtte brukast til å lage bondens gull, smøret. Det gav inntekter, og den skumma mjølka vart mat og næringsmiddel. Tradisjonelt har difor denne suppa gjerne blitt laga av skumma mjølk, både søt og sur.

I kokeboka til Marie Landmark frå Fjaler, Kogebog for land og by (1905) finn vi oppskrift på denne suppa under namnet Kjernemelk  eller surmelksuppe. Kjernemjølk eller saup, som mange ville seie, er veska som vart att etter at ein hadde kinna smør. Alt måtte brukast, og den tunne syrlege veska eigna seg godt i denne suppa. Nyare forsking syner også at syrna mjølk er ikkje berre godt, det kan også vere helsesamt då mjølka inneheld gode bakteriar.  

Kjøkkenrekneskap som kjelde

I arkivet etter Lavik kommunale husmorskule finn vi ikkje reine oppskriftsbøker, men vi finn kjøkenrekneskap og der står oppskriftene med nøye utrekna kostnad. Ei komande husmor skulle vere ansvarleg for økonomien i hushaldet, og det å lære seg kjøkenrekneskap var sers viktig. Laurdag 9.3.1940 stod mellom anna surmjølksuppe på menyen, som då kosta 17 øre per porsjon. Det vil seie om lag kr 5 per porsjon ut frå dagens kroneverdi.

Fylkesarkivet som testpanel

Tradisjonsmat er i vinden, og vi på fylkesarkivet tykkjer det er kjekt å prøve ut nokre av dei mange oppskriftene vi finn i «Arkivstabburet « vårt. Fylkesarkivet har testa suppa og tilpassa oppskrifta til seks personar. Vi  prøvde oss også fram til ein litt meir moderne versjon og la til nokre godsaker som rosiner, hakka mandlar og ein kremtopp. Det vart reine søndagsdesserten og konklusjonen var samrøystes : Nydeleg !  

Oppskrift:

1 l kefirmjølk
4 ss kveitemjøl
1/2 l H-mjølk
1 dl sukker
1/2 pk rosiner
Ein knivsodd salt
3 dl kremfløyte
ca 1 1/2 dl hakka mandlar

Framgangsmåte:

Pisk kveitemjøl godt saman med kefir i ei panne. Kok opp og rør heile tida. Ta i søtmjølk, sukker og rosiner. La suppa småkoke vidare i 8-10 minutt under røring. Smak til med litt salt. Hald varm til servering. Server med piska krem og hakka mandlar.

Artikkelen i Kjelda nr. 1- juni 2019

Kjelder og litteratur