Utdrag frå artikkel frå Kjelda nr. 2 - desember 2019. Ønskjer du å abonnere? Her kan du fylle inn skjema.

Til liks med mange av dei andre oppskriftene vi har plukka fram frå «arkivstabburet» vårt, er dette ein rett som ufortent har gått i gløymeboka her i landet. Det er det ingen grunn for, retten er lettlaga og kjempegod. Vi kan by på forloren hare, men du treng ikkje ha jeger i hus for å kose deg med denne «haresteika».  

Dansk oppskrift? 

Oppskrifta vår på forloren hare er ein moderne versjon av ei oppskrift frå kjøkkenrekneskapen til Lavik husmorskule frå 1940. Eit kjapt søk på internett viser at retten er fortsatt popluær i Danmark. Ein kan tenke seg at den forlorne haren har kome til oss via Danmark med bakgrunn i vår felles historie og handelssamkvem. Namnet forloren tyder eigentleg tapt eller mista på tysk, men i samband med mat tyder det i vår tyding etterlikning eller imitert. Når ein skulle gjere noko betre enn det det eigentleg var, ja då nytta ein ordet forloren. 

Harekjøt er, og har vore, ei eksklusiv vare, men kjøtfarse av ulikt slag var det enklare å få tilgang til, spesielt då kjøtkverna gjorde sitt inntog på 1900-talet og husmødrene slapp å hakke og skrape kjøt til farse. Då fryseboksane kom på 1950-60-talet vart det også lettare å oppbevare ferskt kjøt og lage farsedeig. I dag er kjøtfarse billig mat, og det eksklusive preget som den tidlegare tilverkingsprosessen gav slik mat er borte. Det tyder også at folk flest kan ha råd til ei slik «haresteik», god kjøtfarse, forma som eit brød, eller ryggen på ein hare, og steikt i omnen som ei steik. Servert med den gode sausen som mest lagar seg sjølv under steikeprosessen, grønsaker og poteter er denne søndagsmiddagen garantert ein suksess  for store og små!

Forloren hare

Moderne vri
500 g oksekjøtdeig
300 g svinekjøtdeig
2 dl havregryn
2-3 dl vatn  
2-3 ts salt 
1/2 ts pepar 
1/4 ts muskat 
1/4 ts allehånde 
2 egg
250 g bacon i skiver
 
Saus: 
5 dl mjølk
2 dl fløyte/seterrømme
einebær
tytebærsylte/ripsgele, salt, pepar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Framgangsmåte: 

Elt kjøtdeigen seig med salt og krydder. Tilsett havregryna. Tilsett egga og rør inn i farsen. Spe med omlag 1 dl væske, rør godt og spe igjen til passe fast farse.
Form farsen til et brød. Dekk med baconskiver, tett i tett og brett baconskivene inn under haren.  Legg over i smurt eldfast form og steik ved 200 grader C i omlag 20 minutt til haren er blitt litt brun på toppen.
Skru ned varmen til 175 grader. Tilsett 5 dl mjølk og 4-5 knuste einebær i forma og la haren steike i om lag ein 1/2 time. Ta haren ut av forma, hald han varm, innpakka i folie.

Sausen: Sil av mjølka frå steikeforma og ha i ei panne. Tilsett fløyten/rømmen, smak til med salt, pepar og litt tytebærsylte. Kok opp og ha eventuelt i maisenna sausjamnar for tjukkare saus.
Servering: Skjer den forlorne haren i skiver, hell på litt saus og server resten ved sida av. Kokte poteter med følgje av lettkokte gulrøter og brokkoli er aldri feil.

 

KRI_Mat frå arkivet_001.jpg

Kjøkkenrekneskapen frå Lavik husmorskule viser at kjøt var dyrt og den forloren haren var dermed søndagsmiddag 10. mars 1940. 

Kjelder:

K-10480. Lavik kommune. Lavik kommunale husmorskule. Kjøkkenrekneskap 1939-40 (upublisert). 

Madhistorie – retter fra A-Å http://madhistorie.dk/venstremenu/madhistorief.html