Mari Ormberg frå Jostedalen var tre år gamal, kom det ein folkemusikksamlar til gards for å gjere opptak av besteforeldra hennar. Johanna og Nils Ormberg kunne mange songar og slåttar, og nokon tenkte heldigvis tanken om at desse måtte dokumenterast for ettertida. Den gongen vart det gjort opptak av heile 85 slåttar og songar, og i dag er dei å finne i fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling.

- At eg sjølv begynte å spele hardingfele, er nok mykje grunna denne interessa utanfrå, og alle dei koselege stundene eg hadde som tilhøyrar hjå besteforeldra mine. Men som ung utøvar var eg ikkje det minste interessert i gamle opptak, og heller ikkje musikktradisjonane frå heimbygda mi. Det var musikken frå Voss og Hardanger som fenga meg mest.

Gjenhøyr med seg sjølv som publikummar

Som folkemusikkstudent i Rauland vart Ormberg «tvinga», som ho sjølv seier, til å oppsøkje musikkarkivet i heimfylket. Der fann ho opptaka som vart gjort av besteforeldra hennar kring 20 år tidlegare, dei same opptaka der ho sjølv som treåring var tilhøyrar.

- Eg fekk også med meg opptak av Olaf Sperle og Sjur Hesjevoll, to av dei fremste spelemennene Jostedalen har fostra. Og det var først etter dette besøket i arkivet interessa mi for jostedalsspelet vart vekt. Etter kvart tok eg til å bruke slåttane og spelestilen frå heimbygda, og det har vore med meg sidan.

Seinare har Mari blitt hekta på gamle arkivopptak. Sjølv om dei kan vere krevjande å høyre på, og det somme tider kan vere vanskeleg å få fat på innhaldet, så fins det alltid noko å ta tak i.

- Kvaliteten kan vere dårleg, og spelet kan vere ruskete. Men når eg klarar å lytte forbi støyen, og etter kvart få tak i musikken, så set eg desse upolerte opptaka mykje høgre enn moderne og perfeksjonerte innspelingar.

Å puste liv i sovande tradisjonar

Ormberg vaks opp i Jostedalen, men skule og arbeid førde henne seinare til Voss, Rauland, Åseral og Valdres. Nye stadar og nye musikktradisjonar. Nytt å ta tak i.

- Då eg kom til Åseral i Vest-Agder var der ikkje nokon levande hardingfeletradisjon. Men i arkivet fann eg opptak gjort på voksrull kring 1920, og det gjorde at eg nesten 100 år etter kunne ta tak i denne sovande tradisjonen. Det har vore eit krevjande arbeid, og somme tider har eg måtte gjette meg til både strøk og delar av melodien. Men bak alt suset, all skurringa og hakkinga, så høyrer eg drivande godt spel med ein heilt unik tonalitet.

Ormberg er no i gang med eit prosjekt der ho gjer nye innspelingar av materialet ho har tolka frå voksrullopptaka. Slik sikrar ho at tradisjonen og slåttane blir lettare tilgjengeleg for dei som er interesserte.

Mosegrodde slåttar

- Ofte er det slik at nokre slåttar blir mykje brukt av mange, medan andre kviler i arkiva der dei ventar på å bli oppdaga på nytt. I Valdres, der eg no bur, har vi skipa «Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar». I dette laget spelar vi berre slåttar som ikkje har vore i bruk dei siste 50 åra! Eg tykkjer det er utruleg moro å ta fram att gode gamle slåttar, slik at dei meir velbrukte får seg ein kvil.

I Jostedalen er det også mange slåttar som har kvilt vel og lenge, og særleg gjeld dette gammaldansmusikken.

- Eg har henta fram att nokre av gammaldansslåttane som besteforeldra mine spelte og song, og desse har fått veldig varm mottaking i spelemannsmiljøet i Jostedalen. I tida som kjem vil eg leite fram endå fleire gode gammaldansslåttar, og ikkje minst gler eg meg til oppdagingsferd blant opptaka etter spelemenn som Arne Halveg, Martin Halveg og Lars Bergset!

 

Høyr Mari Ormberg spele ein springar ho har lært etter opptak der bestemora Johanna Ormberg (1910-1998) trallar slåtten. Bestemora hadde lært slåtten av ein slektning som var heime på besøk frå Amerika. Kven denne karen var, sa ho ikkje noko meir om.