Mange av privatarkiva i samlingane våre er godt ordna, men listene som syner kva dei inneheld er ofte handskrivne. Dermed vert det tungvint å finne fram i dei.

Kyrre Gallefoss Vangsnes har gjort ein kjempejobb med å gjere listene maskinlesbare. Såleis vert søk og framfinning enklare. I første omgang legg me arkivlistene ut som pdf-filer. På litt lengre sikt er målet å få informasjonen inn i Asta, som er katalogsystemet vårt, og deretter ut på Arkivportalen.

Filene nedanfor gjev berre eit oversyn over kva arkiva inneheld, og har ikkje med informasjon om arkivskapar. Nokre arkiv, som Hotel Mundal, inneheld dessutan uordna materiale som ikkje har kome med i listene.