Denne artikkelen bygger på tre artiklar om Harastølen skrive av Ottar Starheim for Fylkesleksikon for Sogn og Fjorande. Fylkesarkivet har teke over fylkesleksikonet etter NRK Sogn og Fjordane og Allkunne. Teksten har vorte justert og oppdatert noko.

Soria Moria

Lyster sanatorium ca 1903
Stereofotografi av Lyster Sanatorium i fjella over Luster frå ca 1903. Fotograf: Nils O. Reppen. 

I fjellsida over Luster ruvar eit digert, gamalt mursteinsbygg. Hadde det vore i Mello­m-Europa, kunne ein tru det var ei gamal borg eller eit alpehotell som klora seg fast der oppe. Bygningen har vorte kalla eit Soria Moria slott på grunn av den trolske utsjånaden. Men dette var ein gong eit av dei største spesialsjukehusa i landet - Lyster Sanatorium.

Lyster Sanatorium vart bygt av St. Jørgen Stiftelse i Bergen. Det skulle tene som tuberkulosesjukehus for Vestlandet. Den nye folkepesten, tuberkulosen, spreidde mykje sorg og tragedie, fordi den helst råka barn og ungdom. Kring 1900 var tuberkulose skuld i om lag kvart femte dødsfall i Noreg, og 60% av dei døde var under 30 år.

Tørt klima og tynn fjelluft

Lyster sanatorium ca 1903[1]
Lyster sanatorium ca 1903. Fotograf: Nils O. Reppen

Så kvifor valde dei å bygge sanatoriet på denne fjellhylla i Luster? Tørt klima, fureskog og helst tynn fjelluft, var resepten ein trudde på i gamle dagar for å kurere tuberkulose. Harastølen låg på ei høgde, om lag 500 meter over havet, og i eit klima som ein på den tida rekna som «immunsona» mot sjukdomen.

I tillegg til frisk og tørr luft, var det viktig med god og næringsrik kost. Pasientane på Harastølen vart nærmast feita opp på kraftig mat, og sjukehuset hadde eigen grisefjøs der ein syrgde for at grisane fekk eit ekstra tjukt spekklag før dei vart slakta.

griseslakt.jpg
Griseslakt i vaskeriet ca 1940. Fotograf ukjend. 

Pasientane på Harastølen skulle som del av behandlinga luftast dagleg, eller «kurast», som denne luftinga vart kalla. Dei vart trilla ut i sengene sine, og låg der, sommar som vinter, godt innpakka i posar av reinsdyrskinn.

Eit eige samfunn

Born på Lyster Sanatorium, 1917
Tre av borna som budde på Lyster Sanatorium fotografert i 1917: Johannes (1909-1985), Ingrid Kristina (1913- ) og Svanhild Johanna Stuppelshaug (1911- ). Dei budde i fyrbøtarbustaden på sanatoriet og vaks opp der. Fotograf: Samson Brathole

Sjukehuset i tre høgder hadde opphavleg 96 senger og moderne kur- og operasjonssalar. Byggeplanen i 1900 omfatta også eige vaskeri, stall og ishus - og ikkje minst ei elektrisk driven taubane frå dampskipskaia ved fjorden.

Avstanden ned til bygda, smittefaren ved sjukdomen og at dei fleste pasientane var tilreisande, gjorde Harastølen til eit nokså avsondra og lukka samfunn. Sanatoriet hadde til og med eige postopneri.

Sjølv om det var streng kjønnsdeling innandørs, så var det lov for jenter og gutar å kome saman på dei romantiske «svermestiane» i parken, likeså i dei utsmykka forsamlingssalane når det vart arrangert festar, kino, konsertar eller teater. Her var det m.a. møblar frå den kjende treskjærarskulen til Magnus Dagestad på Voss, og freskomåleri (1950) av Rolf. W. Syrdahl på veggane.

Vinterleik på Lyster Sanatorium ca 1910-1915[1]
Betaniasøstre siglar to og to på kvar kjelke. Huset i bakgrunnen er overlegebustaden. Fotograf: Samson Brathole

Vaksine mot tuberkulose

I kampen mot tuberkulosen kom det eit gjennombrot like etter 2. verdskrig. Då kom effektive vaksinar mot sjukdomen, og ein stor del av den norske befolkninga vart vaksinert mot tuberkulose i løpet av få år. Dermed var grunnlaget borte for drifta av Lyster Sanatorium.

I tillegg sende Statens Skjermbildefotografering bussar og båtar land og strand rundt for å gjennomlyse alle norske brystkasser på jakt etter sjukdom og smittekjelder. Alle hadde plikt til å møte på skjermbildefotograferingane.

Frå tuberkulose til psykiatri

Då St. Jørgen Stiftelse avvikla Lyster Sanatorium midt på 50-talet vart bygningane i mange år nytta som psykiatrisk sjukeheim. Luster sjukeheim var i åra 1959-1991 institusjon for psykiatriske pasientar, og dei første pasientane vart overført frå  Rosenbergs asyl i Bergen den 30. september 1959.

Etter kvart vart psykiatrien omorganisert og flest mogeleg pasientar skulle ut av dei store institusjonane og nærast mogeleg heimstaden. Harastølen psykiatriske sjukeheim vart bygt ned, og til slutt nedlagt.

Asylmottak på Harastølen

Hausten 1992 fekk bygningane ein ny funksjon - no som eit av dei store asylmottaka i landet. Noreg vart oppmoda av FNs Høgkommissær for flyktningar om a ta imot om lag 3000 krigsflyktningar frå Bosnia-Hercegovina. Dei 100 første krigsflyktningane som kom, menn i alderen 14 til 50 år, vart sendt til Hararstølen i oktober 1992.

Sjølv om bygdefolket gjorde mykje for å skape kontakt og leggje opp aktivitetar for flyktningane, så vart opphaldet på den einbølte og isolerte Harastølen keisamt og vanskeleg i lengda. Det vart gnissingar bebuarane imellom og småkonfliktar med lokalsamfunnet. Asylmottaket vart avikla etter nokre år.

Restaurering 2020-2021

Det har vore gjort mange forsøkt på å få til noko nytt i dei gamle bygningane etter at asylmottaket var avvikla. Det siste som har skjedd no er at investorar har kjøpt bygningane og er i gong med restaurering av bygget. Målet er hotelldrift i delar av bygningane. I Sogn Avis kan vi februar 2021 lese at arbeidet med å setja i gang husa på Harastølen er i full gang, og at eigarane byrjar med overlegebustaden. Det er selskapet Harastølen AS som no står som ansvarlege, og dei har mellom anna fått fire millionar frå fylkeskommunen for å ta vare på kulturhistoriske verdiar.

Overlegeboligen på Harsastølen
Direktørboligen, seinare kalla overlegeboligen, er eitt av bygga som vert restaurert i 2021. Framfor står direktør Grundt, den fyrste overlegen med dottera. Fotograf er ukjend. 

Arkiv

Arkivet etter Luster sanatorium er oppbevart ved Bergen Byarkiv. I tillegg er det noko materiale om sanatoriet i arkivet etter St. Jørgens Hospital. Fylkesarkivet i Vestland har ulike privatarkiv med brev og foto frå pleiarar og pasientar ved sanatoriet.

Betaniasystrer ved Røssesetelvi ca 1910-1915
To Betaniasøstre ved Røssesetelvi som ligg innanfor sanatoriet. Biletet er teke ca 1910-1915 Fotograf: Samson Brathole

Kolkøyring på Lyster sanatorium ca 1918
Kolkøyring på Lyster sanatorium ca 1918. Fotograf: Samson Brathole

 

Kjelder: