Fylkesarkivet tek imot gjestar på lesesalen som vanleg. Det er normale opningstider, men grunna smittevern må vi ta ekstra omsyn. Vi har handsprit på lesesalen, og vi nyttar hanskar når vi handsamar arkivmateriale. 

Vi ynskjer at du melder frå på førehand om du ønskjer å nytte lesesalen vår.

Du skal ikkje kome på lesesalen eller på fylkeshuset dersom:

  • du er sjuk

  • du har du vore i kontakt med nokon som har fått påvist covid-19 eller som er isolert grunna mistanke om covid-19

  • du er i karantene av ein eller annan grunn, til dømes reise 

Førespurnader

Det er framleis ein del tilsette ved fylkesarkivet som arbeider frå heimekontor. Dette kan føre til noko lengre handsamingstid enn normalt for førespurnader. Du vil få meir informasjon frå sakshandsamar om kva handsamingstid du må rekne med for din førespurnad. 

Vestland fylkeskommune vurderer situasjonen rundt koronaviruset fortløpande. Informasjon om dette finn ein på heimesida til vestlandfylke.no