Avdeling for kultur, idrett og inkludering, seksjon arkiv søkjer ny medarbeidar i 50% vikariat som musikkarkivar i perioden 01.01.21 - 31.12.21. Arbeidsstad er Leikanger og søknadsfristen er 26. november. Les meir om kva kvalifikasjonar du må ha, og finn lenke til søknadsskjema her: https://tinyurl.com/musikkarkiv.

Musikkarkivaren har det daglege ansvaret for fylkesarkivet sitt arbeid med spesialsamlingar innan musikk. Arbeidsoppgåvene er bevaring og formidling av dokumentasjon av tradisjonelle musikk- og dansepraksisar i Vestland. Musikkarkivaren jobbar også med anna audiovisuelt materiale innan kulturhistoriefeltet.  

På fylkesarkivet.no/musikk kan du lese meir.

Vår musikkarkivar har som oppgåve å: 

  • Registrere lydopptak av tradisjonsmusikk/-dans i fagsystem
  • Digitalisere og indeksere avlevert lydmateriale
  • Ordne og registrere avleverte notemanuskript
  • Handsame publikumsførespurnader 
  • Formidle kjeldemateriale frå spesialsamlingane
  • Rettleie frivillige som driv innsamlingsarbeid
  • Delta i arbeid med utvikling av nytt webarkiv/fagsystem for lyd og levande bilde

Ta kontakt med fagleiar Elin Storøstevik om det er noko du lurer på.