Vi er på jakt etter ein dyktig og engasjert ordningsmedarbeidar. Den som får jobben må vere nøyaktig og ha sans for detaljar og systematikk. Det er positivt om du har erfaring frå liknande arbeid og interesse for arbeid med arkiv, lokalhistorie og kulturhistorie. Stillinga ligg til seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune, ein seksjon med om lag 20 tilsette med ulik fagkompetanse innanfor arkivfag og formidling. 

Høyres dette aktuelt ut? Les meir og søke på stillinga via digitalt skjema på Webcruiter.