Kunne du tenke deg å jobbe med innsamling, sikring og formidling av kulturhistorisk fotografi frå Vestland fylke? Fylkesarkivet i Vestland samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar, museum og andre arkiveigarar, og legg stor vekt på å utvikle gode tenester til brukarane våre. Digital tilgjengeleggjering og formidling av kjeldematerialet vi forvaltar står sentralt. Fylkesarkivet er regional ansvarsinstitusjon for fotobevaring i Vestland. På fylkesarkivet.no/foto kan du lese meir om dette.

Ein fotoarkivar hjå Fylkesarkivet i Vestland har som oppgåve å: 

  • samle inn og bevare analoge- og digitalt skapte foto
  • ordne og digitalisere historiske foto
  • dokumentere og påføre metadata til fotosamlingar
  • utvikle og leie fotobevaringsprosjekt
  • samarbeide med arkiveigarar, ABM-institusjonar, frivillig sektor, kommunar og andre
  • formidle arbeidet skriftleg og munnleg

Arbeidsstad er Leikanger og søknadsfristen er 19. november. Les meir om kva kvalifikasjonar du må ha, og finn lenke til søknadsskjema her: https://tinyurl.com/fotoarkivar2020 

Ta kontakt med fagleiar Elin Storøstevik om det er noko du lurer på.