I høve den internasjonale kvinnedagen 8. mars har vi laga ei leseliste med 13 artiklar frå Kulturhistorisk leksikon, som syner ulike kvinnelagnadar og korleis dei har sett sine spor både i lokalsamfunnet og i det store samfunnsbiletet.  

Artiklane er frå prosjektet «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane», som var eit samarbeidsprosjekt mellom fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Musea i Sogn og Fjordane, og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fram mot jubileumsåret 2013. Prosjektet presenterte 26 kvinner, ei frå kvar kommune i Sogn og Fjordane, og det enda i artiklar og ei vandre- og jubileumsutstilling. Meir om prosjektet kan du lese på Kulturhistorisk leksikon.

 

Randi Blehr - kvinnesakskvinne og husflidsforkjempar

Randi Marie Blehr, f. Nilsen (1815-1928), var ein av dei store kvinnesakspionerane i Noreg. Ho arbeidde også for målsaka, husfliden, unionsoppløysinga, og fredssaka. Randi Blehr knyter tydelege band mellom fylket vårt og den nasjonale kvinnerørsla i tiåra rundt 1900.

 

Marte i Movika - husmannskone og byamme

Marte og mannen Nils var dei siste husmennene i Movika. Ein kan sjå husmannsplassen dei budde på ved Sunnfjord museum endå. Rett etter dei vart gifte reiste Marte frå mann og barn til Bergen for å tene pengar som våtamme.

 

Nikka Vonen - ei spanande og samansett kvinne

Nicoline Marie Vonen (1836-1933), kalla Nikka, var ein markant kulturperson i Fjaler og ho sette spor etter seg på mange felt. Ho var ivrig folkeminnesamlar, målkvinne, fjellvandrar, og ho grunnla og dreiv «Pigeinstituttet», ein av dei fremste privatskulane i landet.

 

Samuline Seljeset - felespelar før pietismen

Felespelar Samuline Seljeset (1804-1872) levde livet sitt i Hornindal og reiste rundt og spelte i bryllaup. Historiane skal ha det til at ho ofte kom ridande på hest med eit barn i bylt om kroppen. På 1700- og 1800-talet var det ingen stadar i Noreg med so høg førekomst av kvinnelege felespelarar som i Nordfjord og på Sunnmøre, Samuline Seljeset var den mest kjende av desse.

 

Anna Herland - første kvinnelege ordførar i Sogn og Fjordane

Solund-kvinna Anna Sofie Herland vart legendarisk då ho heilt uventa vart vald til ordførar i 1955. På den tida var det sjeldan med kvinner i styre og stell. Ordførarvalet vekte difor eit oppstyr som landet ikkje hadde sett maken til. På kort tid vart Solund landskjend.

 

Kristina Skryppen - brend for trolldom

Kristina Skryppen (fødd om lag i år 1600) vedgjekk i 1663 å ha vore på heksesabbat på Hornelen. Saman med fire andre, førte dette til at ho vart brend på bålet.

 

Bolette C. Pavels Larsen - forfattar, kritikar og målkvinne

Bolette Christine Pavels Larsen (1847-1904) var fødd inn i ein embetsmannsfamilie i Sogndal. Bolette var forfattar, omsetjar og litteraturkritikar i Bergens Tidende, og ho var ein sentral aktør i det litterære feltet frå 1880-åra til over hundreårsskiftet. Ho var den første forfattaren med utgjevingar på sognedialekt og soleis på landsmål i fylket. Ho gav også ut bøker på riksmål.

 

Rangele Lassedotter Varli - ei kvinnestemme frå Hyllestad

Rangele Lassedotter (1620-1707) frå Hyllestad må ha vore kring 80 år då ho i 1700 gjekk opp kyrkjegolvet i Hyllestad for å bli vigd for tredje gong. Brudgommen var om lag 25 år yngre enn den vordande kona si. Dette giftarmålet handlar neppe om kjærleik, men det fortel om kvinneliv og ålmenne trekk ved det gamle bondesamfunnet.

 

Audhild Viken - pioner for marknadsføring og omsetnad av husflidsvarer

Audhild Viken (1915-2000) ville ta vare på det tradisjonelle i ei tid då mange vende ryggen til dei norske husflidstradisjonane. Etter kvart organiserte ho eit stort nettverk av medarbeidarar og utvikla eit salsapparat gjennom Audhild Vikens Vevstove, den største turisthandelsverksemda i Noreg.

 

Laura Sundal Skorpen - jordmor og sanitetskvinne

Laura Sundal Skorpen (1898-1990) var kjend som «Solbakkens mor». Ho var drivkrafta bak etableringa av Solbakken arbeids- og sjukeheim i 1960, den første institusjonen for psykisk utviklingshemma i Sogn og Fjordane.

 

Synnøve Finden - bondejenta som vart gründer i hovudstaden

Synnøve Finden, opphavskvinna bak osten med same namn, kom frå Finnafjorden i Vik. Som 17-åring reiste ho på meieriskule i Stavanger, og i 1928 starta ho og sambuar Pernille ostefabrikk i Oslo.

 

Amanda Igland - fiskarkone, pensjonatvertinne og organisasjonsmenneske

Amanda Igland (1917-2002) var ein pioner i arbeidet for kystkulturen og for å tryggje fiskarfamiliane sine kår. Som takk for den store innsatsen fekk ho, som ei av dei få kvinnene frå fylket, Kongens fortenestemedalje i gull i 1987.

 

Sara Cold Frimann - godhjarta presteenkje

Sara Cold (1714-1800) vart fødd på Romedal i Hedmark, og vart etter kvart prestefrue i Selje. Etter 14 år i ekteskapet vart ho enkje. Trass den vanskelege økonomiske situasjonen det var å vere enkje, klarte ho å kosta utdanning på alle dei fire sønene sine.