Retninga på kyrkja og gravene i Hyllestad

Den gamle mellomalderkyrkja i Hyllestad vart rive i 1880, og ny kyrkje sto ferdig same år. I motsetnad til vanleg praksis for kyrkjebygg her til lands, vart den nye kyrkja lagt i nord- syd orientert retning. Den gamle kyrkja var orientert i retning aust-vest, og i følgje tradisjonen, vart gravlegginga på den gamle gravplassen orientert i same retning som kyrkja.

Aust-vest orienteringa bygde på ei oppfatning om at dei som døde skulle ha hovudet i vest, slik at dei kunne sjå mot aust, mot soloppgang, der Jesus skulle komme tilbake på dommedag. Av same grunn skulle alteret i kyrkja ligge i aust, slik at presten og soknet var snudd mot Jesus når han kom tilbake. Den bibelske forklaringa finn vi i Matt. 24:27: Lyset (Jesus) skulle komme frå aust og skinne sitt lys mot vest.

Utviding av kyrkjegarden

Frå møteboka til kommunestyret i Hyllestad kan vi lese at soknestyret i 1902 søkte kommunestyret om ei utviding av kyrkjegarden. Årsaka var at kyrkjegarden var for liten og så våt at dei kvidde seg for å grave ned lik. Det let seg heller ikkje gjere å grøfte vekk vatnet då ”man ved et saadant faaretagende vil støde an paa lig, som for ikke mange aar siden er nedgravd”. Utvidinga vart gjennomført  i 1905. Diskusjonen vart då om lika skulle liggje same veg som den nye kyrkja, eller om dei skulle liggje orientert i retning aust-vest, slik dei gjorde på den gamle kyrkjegarden.

Bilde av Hyllestad kyrkje. Hyllestad kyrkje. Fotograf Hermund Kleppa.

Kva veg skal liket vende?

Kyrkjetilsynet vedtok at lika på den nye delen av kyrkjegarden skulle vende same veg som kyrkja, men etter protestar behandla dei saka på nytt, og kom fram til følgjande vedtak:

”Kirketilsynets flertal fastholder sin opfatning av spørsmaalet om likenes stilling, idet det fremdeles menes, at likene bør ligges saaledes som kirken er lagt. Men det gaar med paa at oversende saken til sognestyrets hurtige avgjørelse".

Svaret frå soknestyret var at lika skulle liggje same veg på den nye kyrkjegarden som på den gamle.

Orientering i himmelretningar i heidensk tid

Sjølv om denne saka er relativt ny, er det ikkje noko nytt at vi orienterar oss i himmelretningar i samband med førestillingar om livet etter døden. I heidensk tid skulle gravene vere nord- syd orienterte, og var ofte markert med haug. Snorre Sturlason fortel i si Edda om dødsriket Hel, som låg under jorda mot nord. Det er mogeleg at gravlegginga i førkristen tid har samanheng med denne førestillinga.

Krossen på Dragseidet med utsyn nordover. Dei fire hjørnesteinane symboliserer dei fire fylka som møtte på eit ting med Olav Trygvason i året 997: Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal. Fotograf: Hermund Kleppa.

Krossen på Dragseidet med utsyn nordover. Dei fire hjørnesteinane symboliserer dei fire fylka som møtte på eit ting med Olav Trygvason i året 997: Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal. Fotograf: Hermund Kleppa.

Kristninga

I følgje Snorre vart Noreg i all hovudsak kristna med våpenmakt. Frå tinget på Dragseidet i  Selje i 997 får vi denne skildringa av korleis regionen vart kristna:

”Same hausten stemde kong Olav bøndene til tings frå fire fylke nord på Dragseidet på Stad. Der skulle det kome folk frå Sogn og Fjordane, og Sunnmøre og Romsdal. Kong Olav kom dit med mykje folk som han hadde hatt med seg austanfrå, og dessutan dei som var komne til han i Hordaland og Rogaland. Då kong Olav kom til tinget, baud han dei kristendommen, der som andre stader, og fordi kongen hadde ein stor hærstyrke der, vart dei skremde. På slutten av talen sin, baud kongen dei to vilkår: anten skulle dei ta imot kristendomen og late seg døype, eller så skulle dei halde slag med han. Men då bøndene såg at det ikkje var råd å slost med kongen, vart det avgjort at alt folket skulle la seg kristne”.

Den nye sterke sentralmakta med kongen på topp vart mellom anna definert ved at kongen tok eit oppgjør med den heidenske trua som representerte det gamle ættesamfunnet, og som sto for ein desentralisert maktstruktur. Det markante skilje i gravskikk mellom den heidenske og den kristne syner denne overgangen, og kan seie noko om når ulike delar av landet vart kristna.

 

Kjelder:

  • Kommunale arkiv, Hyllestad kommune, møtebok for kommunestyre og formannskap 1861-1907
  • Snorre Sturlassons kongesagaer
  • Aaraas, Margrethe Henden (med fleire), På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Førde. Selja forlag. Digital versjon på nb.no
  • Daniell Marcussen, Kristningsprocessen I Norden. Digital utgave på scribd.com  (27.10.2021)

Publisert første gong i Kjelda nr. 1, 2009