Vi forvaltar fotografiske materiale etter privatpersonar, lag og organisasjonar, verksemder og dei profesjonelle fotografane frå fylket. I samlingane våre finn du mellom anna det historiske fotoarkivet til Årdal Verk, fotoarkivet etter avisa Sogn Dagblad og negativarkiva etter ei rekke profesjonelle fotografar som Olai Fauske, Malvin Horne og Nils O. Reppen. Dei fotografiske samlingane våre spenner seg frå 1860-talet og fram til i dag.