Satsinga Lokale kulturminneplanar

Riksantikvaren jobbar gjennom prosjektet "Kulturminne i kommunen - KIK" for å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturminne. Målet er at flest mogeleg av kommunane i landet skal ha ein kulturminneplan som fungerer som eit verktøy for den lokale kulturminneforvaltinga. Kommunane forvaltar kulturhistoriske verdiar som kan bidra til å utvikle attraktive og verdiskapande lokalsamfunn. 

Alle kommunane i det som var Sogn og Fjordane, med unntak av ein, fatta vedtak om å lage kulturminneplanar, og frå 2012 og fram til i dag har dei fleste planane vorte ferdigstilte. I tidlegare Hordaland er det framleis kommunar som søker om midlar til å utarbeide kulturminneplanar.

Kulturminneplanane har ofte vorte utarbeida av kommunane i samarbeid med frivillige og representantar frå kulturaktørar i kommunen. I arbeidsgruppa for kulturminneplanen til Gloppen sat leiaren for Nordfjord folkemuseum, leiaren i Gloppen Sogelag og frå Gloppen kommune: kultursjefen og planleggaren på teknisk etat.

Formidling av planen

Nokre av kommunane har mykje kulturhistorisk innhald i planane sine, i form av tekst og foto, medan andre har meir administrative og plantekniske kulturminneplanar. Ein del kommunar har gjort som Gloppen og trykt opp bøker eller hefter, medan andre kommunar har prioritert digital publisering. I Gloppen kommune formidlar dei kulturminneplanen både i papirformat og digitalt. Slik kan kommunen nå mange interesserte. 

Fylkesarkivet har fått ei trykt utgåve av kulturminneplanen til Gloppen til lokalsamlinga vår på lesesalen. Dette er eit rikt illustrert hefte på 98 sider i A4-format. Dette heftet kan også lesast på kommunen si heimeside. Her kan du bla i heftet. I tillegg har dei lagt planen ut på digitalt kart, med kulturminna på venstre side av skjermbiletet: www.gloppen.no/kulturminneplan

Oppbygging av planen

Ein kulturminneplan er kommunen si oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø i kommunen og inneheld ein plan for forvaltinga av desse. Kommunane definerer sjølve kva kulturminne som er verneverdige og som skal inngå i deira kulturminneplan.Ein kulturminneplan gir kommunen kunnskap om lokalhistoria og prioriterer kulturminna som ein vil ta vare på for framtida.

I Gloppen kommune ser kulturminneplanen slik ut: 

  • Kapittel 1 er ei innleiing med definisjonar, lover og reglar og aktørar og deira funksjon. Her finn ein også tidlegare registreringar. Det står også noko om økonomiske støtteordningar.
  • Kapittel 2 Fornminne før reformasjonen.
  • Kapittel 3 Kulturmiljø
  • Kapittel 4 Bygningar
  • Kapittel 5 Tekniske kulturminne (arbeidsliv og industri)
  • Kapittel 6 Samferdsle
  • Kapittel 7 Lause kulturminne og gjenstandar
  • Kapittel 8 Immatrielle kulturminne
  • Kapittel 9 Handlingsprogram. Her finn ein kva som skal gjerast med kulturminna og kven som har ansvar for å gjere det.

Kvart av kulturminna er dokumenterte på ein grundig måte med både tekst og foto. Teksten skildrar kulturminnet, historia til kulturminnet og kvar ein finn det. Som avslutning på kvart minne finn vi vernestatus, tilstand og potensiale.  

Handlingsprogram går fram til og med 2023.

Sidene 4 og 5 i Kulturminneplan for Gloppen, bilete av Holvikjekta og forord.