Kulturhistorisk leksikon består av artikkelstoff frå alle kommunane i Sogn og Fjordane. Tematisk er hovudvekta på kulturminne, personar og historiske hendingar. Totalt finst det 1893 artiklar på norsk, og 459 på engelsk.  

Ei av endringane er at dei norske og dei engelske artiklane no ligg på kvar sin plass:
Norsk
Engelsk

Søk vert gjort ved hjelp av det enkle søkefeltet på hovudsida, eller ved avansert søk.

Ei anna nyvinning er innføringa av kategoriar. Det er mogeleg å gjere seg kjent med stoffmengda ved å navigere i emneord. Særleg innan kyrkje, bedehus, veg og monument finst det rikeleg med artiklar.

Eit vake auga vil òg sjå at det har blitt gjort endringar i visinga av artiklane. Illustrasjonane har til dømes blitt flytta ned under sjølve artikkelen, og ligg ikkje lenger til venstre, slik det var i det gamle leksikonet.

Vi set stor pris på synspunkt og tilbakemeldingar på Kulturhistorisk leksikon! Kontakt: per.olav.boyum@sfj.no