Noreg er i dag ein fredeleg plett på jord, men kvar dag møter dei fleste av oss krig og ufred gjennom media. Møtet med alle dei nye landsmennene våre som har flykta frå krig og redsler vi knapt kan tenkje oss, er også ei påminning om kor heldige vi er. 

Men krig er ikkje berre slagmark, øydelegging, sigrar og tap. Krig er også kvardagen til folk, dagar og netter med uro og redsle, uvisse om kven du kan stole på eller ikkje stole på, mangel på det meste, men også stor grad av samhald og solidaritet.

Det var slike kvardagsminne frå okkupasjonstida fylkeskultursjefen i Sogn og Fjordane samla inn i 1990. Eit av desse livsminna ynskjer vi å dele med dykk på ein dag som denne:

Einar Solheim frå Loen sine skildringar (trykk på lenkja)