Vidare skal det skrivast nye artiklar til Kulturhistorisk leksikon, og saman med allereie eksisterande artiklar skal desse brukast i ein krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane. I første rekkje er det tale om krigsminne som tyske militære støttepunkt det framleis er spor av i landskapet, men også andre objekt eller krigshendingar er aktuelle.

Tekstane skal knytast til kart, og med nye tekniske løysingar er tanken at informasjonen lett skal kunne hentast fram frå nettet anten ein sit heime, eller er ute på tur. I eit slikt oversyn vil ein også kunne sjå kva for krigsminne som er tilrettelagde for besøkjande. Oversynet kan også vere til hjelp når ein skal vurdere kva for krigsminne som bør takast vare på i framtida.

Prosjektleiaren tek gjerne imot tips om krigsminne som bør registrerast og eventuelt omtalast i ein artikkel: Kjell-Ragnar.Berge@sfj.no

Kjell-Ragnar Berge er ein røynd krigshistorikar. Han har mellom anna skrive bøkene
- «Fronten er kysten!» - oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (1995/1999)
- «Regiment 193» - fra Tyskland til Vestlandet langs norskekysten til Ishavsfronten 1940-1945 (2015)
- «Kystfort i kamp!» - Batterie Egersund i kamp med Royal Navy 1944-45 (2016).

Han var dessutan medforfattar på boka «Krigsår» - Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 (2005).

Produksjonen hans i Kulturhistorisk leksikon er også stor:
- Hyllestad leir
- Krigsminne i Gudvangen – forsvar av vegen mot Voss
- Krigsminne i Rutledal
- Krigsminne på Florølandet
- Krigsminne på Gottraneset
- Nesje Fort
- Krigsminne på Hovden i Ervik og på Kjerringa
- Krigsminne på Ospeneset
- Krigsminne på Risenes
- Kystfortet på Lammetun
- Kystfortet på Storeneset
- Kystfortet på Tangane
- Løland leir