Fylkesarkivet samarbeider med Nasjonalbiblioteket om digitalisering av film- og videomateriale. Samarbeidet har opphavet sitt i oppgåva Nasjonalbiblioteket fekk i 2020 om å digitalisere kulturhistorisk materiale ved norske arkivinstitusjonar. Den første leveransen frå Fylkesarkivet i Vestland kom alt på forsommaren 2021. Den gongen dreidde det seg om «berre» 200 filmrullar og videokassettar. No kjem den store prøva: 880 kilo med film- og videomateriale frå Vestland skal sikrast for framtida.

Dei analoge film- og videoformata er ei utdøyande rase. For nokre av formata, slik som U-matic og Betacam, hastar det meir. Det blir stadig vanskelegare å oppdrive utstyr som skal gje ei korrekt avspeling av innhaldet på desse kassettane. For at verdifulle opptak ikkje skal gå tapt på grunn teknologiske endringar må vi sikre dei og få dei over på andre format.

Film- og videoopptaka som no sendast til Mo høyrer til ulike samlingar, men dei to største av dei er arkiva etter fotograffamilien Bergum i Sogndal og filmproduksjonsselskapet Vest Vision frå Førde og Bergen. Digitaliseringa av arkivet etter Vest Vision skjer i samband med eit større prosjekt der Fylkesarkivet har fått støtte frå Kulturrådet for å gjera samlinga tilgjengeleg for ålmenta.

Slik såg det ut då arkivet blei lasta opp og køyrt av garde.