Bestill vitnemål og anna dokumentasjon

På denne sida finn du informasjon om dokumentasjon på beståtte prøvar.

Fag- og sveinebrevet er i A3-format som du t.d. kan henge på veggen.

Kompetansebevis og vitnemål er A4-format. Dei er bevis på utdanning og blir ofte brukt til å søkje jobb og/eller skule.

Har du nettopp bestått prøven, men ikkje fått dokumentasjon på resultat enno?

Dersom du er lærling, elev eller lærekandidat, og har bestått prøven, vil du få tilsendt vitnemål eller kompetansebevis etter sluttdatoen på kontrakten din. Det er vitnemål/kompetansebevis som er gyldig dokumentasjon når du skal søke jobb eller liknande.

Dersom du er praksiskandidat blir kompetansebevis sendt ut etter avlagt prøve.

Merk at det er mange som er ferdige i sommarmånadane, så vi har diverre lengre sakabehandlingstid då.

Har du ikkje fått oppgitt resultatet på prøven?

Har du ikkje fått resultatet enno må du vente på brev. Vi sender ut brev så snart vi kan.

Merk at vi diverre ikkje kan oppgi resultat på telefon.

Bestod du ikkje prøven?

Dersom du ikkje bestod prøven vil du få tilsendt brev med resultat, prøvenemnda si grunngjeving for resultatet, informasjon om klagerett og kompetansebevis.

Vi sender brevet rekommandert og du må hente det på posten.

Klagefristen er på tre veker, og startar den dagen du får brevet med resultatet.

Når får du fag- eller sveinebrevet?

Etter at prøven er fullført, fyller prøvenemnda ut ein prøveprotokoll som dei returnerer til fylkeskommunen. Deretter gir vi deg ei skriftleg melding om prøveresultatet.

Fag-/sveinebrevet sender vi til deg. Dette er i A3-format og du må hente det på posten.

Dersom du ikkje tidligare har fått fag- eller sveinebrev treng du ikkje betale for dette.

Fag-og sveinebrev utdeling

Nokre bedrifter/opplæringskontor vil arrangerer fag-/sveine-/kompetansebrevutdelingar sjølve.

Opplæringskontoret for anlegg- og bergfaga i Førde planlegg fagbrevutdeling den 30. mars 2023.

Det er også mogeleg at vi i Vestland fylkeskommune vil arrangere utdelingar. 

Les meir om utdelingane

Autorisasjon

Når du har fått utskrive vitnemål eller kompetansebevis for bestått fagprøve vil fylkeskommunen registrere deg hos helsedirektoratet for søknad om autorisasjon.

Du vil få melding frå Altinn om betaling av autorisasjonsgebyr.

Fagopplæringskontoret sender melding til Statenes autorisasjonskontor ein gong i veka om beståtte fagprøver.

Autorisasjonskontoret vil kontakte deg og fortelje deg kva du skal gjere for å søkje autorisasjon.

For meir informasjon sjå nettsida til helsedirektoratet.

Dersom du ikkje finn, eller har du mista, fag-/sveinebrev, kompetansebevis/vitnemål og ønskjer ny original kan du bestille nytt hos oss. 

Bestille ny dokumentasjon.

Dersom du ønskjer kopi av dokumentasjon frå før 1998 kan du ta kontakt med oss på eksamen@vlfk.no.

Alle som har tatt fag-/sveinebrev kan bestille eit lommefagbevis.

Det er så stort som eit bankkort og det er Idemia AS som lager lommefagbevis.

Bestill lommefagbrev (pdf).

  • Eg har bestått vidaregåande opplæring, men har ikkje bestått fag-, sveine-, eller kompetanseprøven. Korleis går eg fram for å få dokumentasjon?

Ta kontakt med skulen du sist gjekk på. 

  • Eg har tatt fag- eller sveineprøven før 1998 og kan ikkje bruke bestillingsskjema. Kva gjer eg?

Viss du har tatt prøven før 1998 må du ta kontakt med oss på e-post eksamen@vlfk.no.

  • Eg har tatt eksamenar som privatist og ikkje fått dokumentasjon

Dersom du har tatt fag som privatist må du ta kontakt med eksamenskontoret på e-post eksamen@vlfk.no. Dei skriv ut dokumentasjon til deg. Dersom du skal melde deg opp som praksiskandidat og har avlagt eksamen i tidlegare Hordaland eller tidlegare Sogn og Fjordane treng du ikkje legge ved dokumentasjon på eksamenskarakter.

  • Eg har bestått fagprøven, men hadde ikkje bestått alle fellesfag. Eg har no bestått faga eg mangla og ønskjer vitnemål og fagbrev. Kva gjer eg?

Du må sende inn bestillingsskjema .

  • Eg har bestått fagprøven, men hadde ikkje bestått alle fellesfag. Eg har no fått ei sakkunnig vurdering frå PPT slik at eg kan få vitnemål og fag-/sveinebrev. Kva gjer eg?

Du må skrive ein søknad om å få unntak frå kravet om bestått. Du må sende søknad og sakkyndig vurdering frå PPT til oss gjennom eDialog.

  • Eg har mottatt dokumentasjon på fagprøven, men dokumentasjonen inneheld feil. Kva gjer eg?

Ta kontakt med oss.

  • Kvifor er vitnemålet eller fag- sveinebrevet på nynorsk?

Målforma i Vestland fylkeskommune er nynorsk. All dokumentasjon er difor på nynorsk. Dersom du må ha dokumentasjonen på bokmål, ta kontakt med oss.