Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
fotografi gjennom ei hylle med arkivboksar i bakgrunnen

Kopi av tannjournal

Fylkesarkivet i Vestland oppbevarer arkiverte tannjournalar for den offentlege tannhelsetenesta i heile fylket. Dette gjeld journalar frå før 2002.

Du kan få kopi av tannjournalen din ved å ta kontakt med oss.

  • Ring telefon 05557 (be om å bli sett over til fylkesarkivet)
  • Send e-post 
  • Be om innsyn via digitalt skjema

Vi treng denne informasjonen for å finne fram til din tannjournal:

  • fullt namn (og om du evt. har skifta namn)
  • fødselsdato (dd.mm.åååå)
  • kva for tannklinikk du gjekk til
  • omtrent tidspunkt du gjekk til tannlegen 

Vi ber om at du ikkje sender personsensitiv informasjon i e-post til oss. Det tyder at du ikkje bør oppgi annan informasjon enn det vi spør om i punkta over.

Vi gjer merksam på at det ikkje er sikkert at din tannjournal er bevart, då klinikkane tidlegare hadde lov til å makulere journalar som ikkje lenger var i bruk.

Relaterte lenker