
Kopi av tannjournal
Fylkesarkivet i Vestland oppbevarer arkiverte tannjournalar for den offentlege tannhelsetenesta i heile fylket. Dette gjeld journalar frå før 2002.
Du kan få kopi av tannjournalen din ved å ta kontakt med oss.
- Ring telefon 05557 (be om å bli sett over til fylkesarkivet)
- Send e-post
- Be om innsyn via digitalt skjema
Vi treng denne informasjonen for å finne fram til din tannjournal:
- fullt namn (og om du evt. har skifta namn)
- fødselsdato (dd.mm.åååå)
- kva for tannklinikk du gjekk til
- omtrent tidspunkt du gjekk til tannlegen
Vi ber om at du ikkje sender personsensitiv informasjon i e-post til oss. Det tyder at du ikkje bør oppgi annan informasjon enn det vi spør om i punkta over.
Vi gjer merksam på at det ikkje er sikkert at din tannjournal er bevart, då klinikkane tidlegare hadde lov til å makulere journalar som ikkje lenger var i bruk.