Kommunearkivordninga ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane arrangerte sitt årlege kontaktmøte på Thon Hotel Jølster 29.november.

Årets møte hadde godt oppmøte frå kommunane. Eit årleg kontaktmøte som dette er viktig for den gode kontakten mellom kommunearkivordninga og kommunane. Ein får drøfta faglege utfordringar innan arkiv, og dette har ein god nettverksbyggjande effekt. I tillegg har vi på kommunearkivordninga høve til å sette aktuelle arkivfaglege problemstillingar på dagsordenen.

Programmet for årets møte tok for seg skjeringspunktet mellom arkivlov og GDPR, arbeidet med den nye arkivlova samt korleis vi på kommunearkivordninga ser for seg kommunearkivordninga i framtida. Presentasjonane finn du nederst i artikkelen.
 

Ytterlegare lesesestoff:
Rapportane som er levert til arkivlovutvalet
Opptak av Noark-fagdagen til arkivverket