Leiar publisert i Kjelda nr 2 2020:

Det er med ikkje så reint lite vemod at eg med dette melder at det nummeret av Kjelda du les i no, er det siste. Første nummeret av Kjelda kom ut 1. august 1992. I frå den perioden og fram til i dag er det publisert over 2000 artiklar, som alle har det til felles at dei har sitt geografiske nedslagsfelt innanfor dei tidlegare fylkesgrensene til Sogn og Fjordane.

Dåverande fylkesarkivar Gunnar Urtegaard skreiv i sin første leiar følgjande: «I framtida skal ikkje bladet berre fortelja om Fylkesarkivet, men om arbeidsoppgåvene og alt det gode arbeidet som skjer over alt i Sogn og Fjordane».

Ein kan trygt slå fast at Kjelda i alle sine 28 år har levert på det som var intensjonen med bladet. Kjelda har vore viktig for å kome vekk frå ideen om arkiv som noko statisk, fjernt og utilgjengeleg. Arkiv er både levande, forteljande og identitetsskapande. Identitetsskapande ved at dei bygger bru mellom fortid og notid. Arkiv er verdilause dersom dei ikkje vert nytta, og det vert dei heller ikkje dersom ikkje innbyggarane veit at dei finst. Nettopp difor er det viktig å arbeide vidare med same målsetjing som den som låg til grunn for Kjelda. Premissane ligg fast, og måla er dei same.

At Kjelda vert lagt ned skuldast i hovudsak to faktum. Sogn og Fjordane fylkeskommune er blitt Vestland fylkeskommune. Det er for krevjande å dekke ein så stor region på ein måte som gjer at den treff lesarane i heile fylket heime med innhaldet.

Det andre faktum er at fleire og fleire, også i den eldre delen av folket, nyttar digitale løysingar framfor dei tradisjonelle analoge løysingane. Dette har vi merka gjennom stadig færre abonnentar, trass i at det har blitt teke til dels omfattande initiativ, for å auke abonnementsmassen.

Fylkesarkivet skal framleis ha som si fremste målsetjing å gje kunnskap til innbyggarane i Vestland om arkivarbeidet og kva som finst i arkiva. Som Kjelda har vist oss, er beste måten å gjere dette på, å formidle frå kjeldene. Det finst mange måtar å gjere dette på, men ein føresetnad for å lukkast er at vi er til stades på dei same arenaene og plattformene som brukarane er. Dette gjev utfordringar i dagens digitale samfunn, men det gjev like mange moglegheiter. Vi har fleire satsingar på gang som eg trur vil gagne formidlingsarbeidet til fylkesarkivet på ein god måte.

Arnt Ola Fidjestøl

Til slutt skal ein heller ikkje gløyme at mange av artiklane i Kjelda er tidlause. Dette tyder at det ligg eit ansvar hjå oss å syte for at desse kjem mange til del også i framtida. 

Takk for oss og takk for laget! 

Arnt Ola Fidjestøl