Mindre hyggeleg er det å fortelje at dette er det siste nummeret av det tradisjonsrike bladet vårt, som starta opp i 1992.

Viktige mål har vore å vise fram arbeidet vårt, arkiva våre og slik få fram at arkiv er levande, at arkiv skapar identitet, er kjelder til viktige og gode historier og ikkje berre er gamle papir som ingen har nytte og glede av. Vi håpar og trur at vi gjennom desse åra gjennom meir enn 2000 artiklar har klart å nå desse måla.

Kjelda sitt nedslagsfelt var Sogn og Fjordane. No er fylket er blitt Vestland, og vi er ein del av Vestland fylkeskommune. Røynslene viser at folk flest er lokale og gjerne ultralokale som lesarar. For oss vart det difor for krevjande å dekke ein så stor region på ein måte som gjer at den treff lesarane i heile fylket heime med innhaldet.

Vi skal sjølvsagt ikkje slutte å formidle frå arkiva våre, men det vert ikkje gjennom ei fylkesdekkjande Kjelda. 

Takk for oss og takk for laget!