Om Kjelda

Kjelda er det einaste fylkesdekkjande magasinet for historie, arkiv og kjelder i Sogn og Fjordane. Det er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som gjev ut bladet. Kjelda er rikt illustrert med foto frå fylket, og er eit blad for den som vil ha både kunnskap og oppleving. Bladet formidlar fylket slik det speglar seg i det rike kjeldematerialet vi rår over.

Her kan du finne spanande lokalhistoriske artiklar om personar, små og store hendingar gjennom kjeldene våre, lære om tradisjonsmusikk, stadnamn og bli oppdatert på lokalhistorisk litteratur. Kjelda kjem ut med to nummer, vår og haust.

Kva kan du lese om i komande nummer?

Denne gongen kan vi mellom anna by på russekrem slik dei laga han på husmorskulen i Kroken. Russekrem er ein gamal klassikar som er ypparleg juledessert. Juletrefestar høyrer jula til, og denne gongen skal vi på juletrefest i Indrefjorden i Hyllestad.

Ikkje nok med det, vi tek deg med over «dammen» med balestrendingen Ingvald Offerdal. Offerdal dreiv landhandel i Balestrand i mange år, men før det var han ute og opplevde den store verda. Han feira ei jul saman med Samuel Garborg, unitarprest, kommunist og bror til sjølvaste diktarhovdingen Arne Garborg. «Ei jul eg aldri gløymer», som Offerdal sjølv sa.

Trur du at fjellnamnet Kabusen har noko med  Cappuccino å gjere og er Våtedalen våt? Svaret på desse underlege spørsmåla kan Kristian Solvang, stadnamnspesialisten vår, gje deg. Det store skuleprosjektet vårt surrar og går. Denne gongen har vi fleire artiklar som viser kva vi kan finne i eit skulearkiv og prosjektleiaren har skrive ein flott artikkel om dette spanande prosjektet. Litt krigshistorie frå fylket, med litt ulike innfallsvinklar, har vi også med. Dette og mykje, mykje meir kan du lese om i neste nummeret av Kjelda.

Ser dette spanande ut? Vil du abonnere på Kjelda?

  • Som vanleg abonnent får du får to nummer rett i postkassen eller du kan få det digitalt som PDF. Prisen er 195,- per år

  • Julegåve 2017? Vi sel årets to nummer for kroner 150,-

  • Interessert? Send ein e-post med di bestilling til fylkesarkivet@sfj.no

  • Du kan også ringe 57 63 80 00 for eventuelle spørsmål og bestilling.