Karl Seglem. Lista over heidersutmerkingar, konsertar og plateutgjevingar er lenger enn lang for tenorsaksofonisten, bukkehornspelaren, komponisten, produsenten og poeten. Aftenposten sin musikkmeldar, Svein Andersen, kallar årdølen ein musikalsk nasjonalskatt og skildrar han som ein nybrottsmann med djup forankring i det norske, men med ei vidsynt musikalsk utferdstrong og nysgjerrigheit som stadig fascinerer og aldri sluttar å overraske. I fjor feira han 30-årsjubileum som frilansartist.

- Eg brukte arkivmateriale som utgangspunkt til å skapa noko eige. Arkiva er fantastiske og unike kjelder, og berre tanken på at dei fins er i seg sjølv inspirerande.

Gull på kassett

Seglem sitt første møte med kjeldemateriale frå musikkarkivet skjedde på slutten av 1980-talet. Frå arkivet fekk han MC-kassettar med opptak av songarane Johanna Ormberg og Karl Eldegard, og spelemennene Sigurd og Torolv Eldegard.

- I Eldegardsslekta har det vore unike spelemenn som har forma slåttane på ein særeigen måte. Ved at vi brukar arkiva kan desse og fleire slåttar halda fram med å leva og utvikla seg. Eg veit at eg kan finna gull i arkivet!

Tidleg på 1990-talet starta Seglem eit omfattande samarbeid med hardingfelespelaren Håkon Høgemo, og her vart musikk frå arkivet løfta fram i prosjekt som Sogn-A-Song og i trioen UTLA.

- Møtet og samspelet med Håkon har vore heilt avgjerande for meg, både som komponist, musikar og improvisator. Og det er veldig kjekt å observera at slåttar me forska på og spelte saman, no blir brukt av mange.

Å bli fenga av noko

Seglem staka etter kvart ut si eiga og særmerkte retning innan eit musikalsk landskap i kryssingspunktet mellom jazz, improvisasjon og folkemusikk. Eit uttrykk med sterke band til den tradisjonelle sognamusikken.

- Det eg fekk høyra, og måten eg valde å jobba med det på, har nok vore heilt avgjerande for prosessen fram til å laga og spela eigen musikk. Eg brukte arkivmateriale som utgangspunkt, og det er ikkje noko som er gjort på eit år eller to. Men i dette materialet fann eg noko som tende meg i langt sterkare grad enn jazzen frå Nord-Amerika.

Kva som verkeleg fengjer han med folkemusikken kan variere frå gong til gong. Seglem fortel at det kan vere ein rytme, ei melodifrase, ein trille, eller ein skala som nærmast tryglar om å leve som ein ny melodi.

- Men ofte er det rett og slett det tydelege, enkle og uredde uttrykket som gjev meg eit "kick". Det er som om du høyrer at dette er musikk som verkeleg betydde noko for utøvaren.

Noko å hente for alle

Seglem er oppteken av å formidla arkiva sin verdi, og at kjeldematerialet er relevant for så mange fleire enn berre folkemusikarane.

- At arkiva fins er i seg sjølv ein inspirerande tanke. Men arkiva må snakkast om. Og brukast! Eg prøver å formidla dette til mitt publikum, særleg når eg spelar for elevar. At det i arkiva er noko å henta for alle, ikkje berre dei som driv med folkemusikk. Det undrar meg at vi i Noreg har vore så lite flinke til å trekkja folkemusikken inn i rock- og popmusikken.

Høyr Karl Seglem spele "Salmen". Opptaket vart gjort i Frankrike i 2008.