Kari Malmanger er ein allsidig vokalist som jobbar innan fleire sjangrar: folkemusikk, jazz og improvisasjon. I 2012 gav ho ut plata «No soli bakom blåe fjell» med folkesongar frå Hardanger, Voss og Sogn. Fleire av songane på plata tek utgangspunkt i vokalstoff ho har leita fram i arkivet, og ho har nytta både notar og lydopptak.

- Eg nyttar arkiv hovudsakleg for å finne nytt repertoar, og for å lytte etter stiltrekk og "fine måtar å synge på", element eg kan bruka i min eigen song. Det er ikkje så mykje eg får tid til å jobbe med slikt akkurat no for tida, sidan eg er lærar, kordirigent og småbarnsmor, men innimellom lyttar eg på arkivopptak, og får mykje inspirasjon på den måten, fortel Malmanger.

Arkivet som kompetansebyggjar

Malmanger trekkjer fram at den kompetansen ho har tileigna seg gjennom å jobbe med kjeldemateriale frå arkiva ligg til grunn når ho seinare utøver musikk og skriv ny musikk.

- Arkivet er og har vore viktig for å finna stoff, bli kjent med stoff og for å bli kjent med utøvarar som ikkje lever lenger. Det eg har jobba med før, har forma meg som musikar, forma smaken min, songstemma mi og songidealet mitt. Det er alltid kjekt å komma til arkivet og møta dei som jobbar der, og å få hjelp til å finna fram spennande materiale.

Arven etter Ragnar Vigdal

Malmanger er ein aktiv utøvar som syng på både konsertar og kappleikar, og mange har høyrt hennar vakre tolkingar av den særeigne songen til Ragnar Vigdal (1913-1991) frå Luster. Han var ein av fleire utøvarar som sto i ein haugiansk tradisjon og vidareførte den haugianske songarven. Det er registrert heile 89 melodiar sunge av Vigdal i Fylkesarkivet. På plata «No soli bakom blåe fjell» finn du mellom anna Kari si tolking av «Jesus gjør meg stille, stille», ein av dei religiøse folketonane Vigdal brukte. 

- Ragnar Vigdal er nok den eg har brukt mest tid til å lytte på. Songane hans er intrikate og vanskelege å lære, og eg har brukt mykje tid på å kopiere melodiane hans, og seinare gjere dei til mine eigne.