Denne teksten vart først publisert av Annette Langedal Holme i Kjelda nr.2 2017.

På 30-talet heldt dei juletrefest på garden Indrefjord i Hyllestad kommune. Festen vart halden i den største stova til Kristoffer Andersson Bekken, og ein av deltakarane var ein ung gut ved namn, Kåre Djupevik. Han hugsar juletrefestane godt og minnest spesielt at lærarinna, Orlaug Sognnes, hadde ein artig vri på å dele ut julegåver til ungane.

Kåre fortel:

«Vi hadde juletrefestar i Indrefjorden medan eg gjekk på skule der». Både skulen og juletrefestane var i huset til Kristoffer Andersson Bekken frå 1932-1936. «Der hadde dei to stover der den eine var veldig stor.  Då vart det sett opp juletre, og foreldre og ungar samlast til fest då mellom jul og nyttår» kan Kåre fortelje. «Vi gjekk rundt juletreet og så fekk dei vaksne kaffi og ungane sjokolade. Skikkelig triveleg!»

Heile den tida det var skule i Indrefjorden, var det Orlaug Sognnes som var lærarinne. Kåre minnest Orlaug som ei lærarinne med omtanke for alle. «Ho kjøpte alltid gåver til ungane på juletrefesten, og dei måtte vi jobbe litt for å få fatt på! Ho hengde opp ei snor inne i stova og så hengde ho opp alle pakkane i band på snora. No var det om å gjere å peike seg ut den pakken vi hadde lyst på. Så fekk vi bind for auga og så skulle vi peile deg bort til den pakken du ville ha og klippe av snora. Dette var jo vanskeleg! Ein kunne ta eit steg til sides så var snora på ein heilt annan plass. Men eg fekk no fatt i ein til slutt, og alle fekk ei gåve kvar. Men om ein trefte den pakken ein ville ha, det veit eg ikkje. Dei var jo pakka inn så ein kunne jo berre tenkje seg til kva som var i pakken.»

Det vart nok flotte gåver på alle ungane til slutt. Kåre hugsar eine gåva ekstra godt. «Eg hugsa spesielt eitt år då fekk eg eit fargeskrin. Det var veldig fint».

ALH_juletrefest i Indrefjorden_001.jpgOrlaug Sognnes framfor huset i Indrefjorden der ho budde kring 1936. Fotograf ukjend/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. 

Fakta:

Stova til Kristoffer Andersson Bekken var skulestad for Kolgrov krins frå 1932-1936. Frå 1936 var det berre to ungar att i krinsen, og Kolgrov krins vart lagt ned 1937. Dei to siste elevane vart flytta til Sognes krins og Rysjedal krins.

Kjelde: 

Informant Kåre Djupevik frå Kolgrov i Hyllestad fortalde om skuletida si under eit intevju gjennomført i samband med prosjektet Skulen min. Les meir om Kolgrov krins og om Kåre Djupevik sin skulekvardag på LokalhistorieWiki.