Jan Roger Øren kjem frå Årdal og er musikar og komponist med utdanning frå Musikkonservatoriet og Universitetet i Oslo. I 2008/2009 skreiv han tingingsverket «DÅM» til Øvre Årdal Janitsjarkorps, og den tradisjonelle folkemusikken dannar grunnlaget for og er inspirasjonen til dei seks satsane i verket.

- Eg nyttar først og fremst arkivet for å vere nysgjerrig, og for å få inspirasjon og gode musikalske idear eg kan bygge på. For meg er også arkivet ei kjelde til innsikt i historisk utvikling, tradisjon og stil.

Det lokale som kjelde for nyskaping

Øren har jobba med ei rekkje musikarar frå heimstaden Årdal, og fortel at deira bruk av folkemusikken har gjort inntrykk på han.

- Karl Seglem har ofte nytta lokal musikk som utgangspunkt for komponering, og dette på ein måte som har fenga og inspirert meg. Eg vil også trekke fram Håkon Høgemo som er med å flytta grenser for utøving og formidling av folkemusikken. Han er ikkje fastlåst, men leiken, søkande og utforskande i sitt virke, noko som er med på å spreie interessa for, og kunnskapen om denne musikken.

Arkivet som skattekammer  

Innspelingar og notenedskrifter av tradisjonsmusikk har vore eit viktig grunnlag for Øren sitt arbeid med arrangement og komposisjonar for til dømes band og korps.

- Dette materialet er svært viktig for å kunne komme nærare inn i både stil, framføringspraksis, og som inspirasjonskjelde, rett og slett. Eg ser eit skattkammer av norsk folkemusikk både i arkiv, på innspelte CD-ar og i møte med musikarar, noko som eg alltid har vore opptatt av å vere med og ta vare på. Sjølv om eg ikkje ser meg som komponist eller arrangør i stort format.

Arven etter Eldegard

Stort eller lite format? Komponist kan i alle fall Øren kalle seg som har signert verket "DÅM". Dei seks satsane var eit tingingsverkt til Øvre Årdal Janitsjarkorps, og har vore framført fleire gongar etter premieren.

- Hardingfelespelaren Sigurd Eldegard fascinerte meg då eg høyrde han for fyrste gong, og dette vart utgangspunktet for min komposisjon «DÅM». Heile den tredje satsen er basert på ein halling etter Eldegard.