Gjertrud Jynge er skodespelar og tippoldebarn til Jakob Walnum, tidlegare sokneprest i Leikanger og grunnleggar av Sogns Barneheim. Ho laga i 2015 ei framsyning om Walnum og om tatermisjonen. I denne saka fortel Gjertrud med sine eigne ord om kvifor ho laga denne framsyninga, og om den personlege, emosjonelle og historiefaglege reisa frå farmora sine familiealbum til nasjonal taterpolitikk.

Arkivet etter Sogns Barneheim vart redda frå auksjon i 1988, og dette materialet har spelt ei viktig rolle i ettertida. Arkivmaterialet og arbeid basert på dette har vorte brukt som kjelder mellom anna i oppreisingssaker for barneheimsbarn.

Gjertrud Jynge vitja Fylkesarkivet og hadde teaterframsyning i Leikanger kyrkje i 2015. Denne teksten vart først publisert i magasinet Kjelda i etterkant av dette.

Tippoldefar Walnum, familiestoltheit og familieskam

KRI_Arkivdagen 2015_002.jpgEg arva alle familiebileta etter farmora mi, Gjertrud som eg er oppkalla etter. Og blant desse familiebileta var biletet av min tippoldefar Jakob Walnum. Ein mann som farmor var veldig stolt av. Då eg var lita fortalde ho mykje om han. Ho var veldig stolt av han. Med god grunn forstod eg. Og så har eg naturleg nok, fordi eg lev i den tida eg gjer, forstått at det var ei mørkare historie knytt til hans namn.

Dei vel hundre åra som har gått har gjort at historia om han og om tatermisjonen er noko anna enn det ho kjende til. Det hadde eg lyst å finne meir ut av. Eg foreslo det som ein ide for teateret, og dei tente på det. Det var i utgangspunktet berre ein ide, og eg tenkte «det skal eg begynne å jobbe med om nokre år». Og så sa sjefen min brått i fjor haust at det var ei opning i repertoaret. Eg sette i gong med arbeidet i fjor haust og hadde premierer i april. Eg hadde veldig kort tid til å grave i stoffet.

Eg gjekk på biblioteket og grov i arkiva. Eg fekk fantastisk hjelp av bibliotekarane. Og hovudkjelda mi var månadsbladet til misjonen – Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet som Walnum stifta i 1897. Dei ga ut eit månadsblad som heitte frå Landevegen. Dei ga også ut eit barneblad som heitte Måltrosten. I desse to blada skreiv Walnum mykje om arbeidet i misjonen. Eg las også alt eg kom over av historiebøker, hovudfagsoppgåver, diverse arkivmateriale som årsmeldingar med meir. Eg leita i alt dette stoffet og klipte og limte og forsøkte å setje saman ei fullstendig historie.

Salmar og romanisongar

Eg hadde også ein ide om at eg skulle bruke musikk. Og eigentleg så hadde eg lenge tenkt at eg skulle bruke mykje av songmaterialet etter misjonen. Dei ga også ut ei eiga songbok og dei dikta gjerne nye tekstar til salmar – tekstar som gjekk på misjonsarbeid. Ved opninga av Svanviken arbeidskoloni vart det til dømes skrive ny tekst til ein salme som handla om slektssynd. Dette materiale prøvde eg ut, men fann raskt ut at tekstane vart for tunge. Eg kunne ikkje bruke dei. Eg stod til slutt igjen med berre ein salme av Elias Blix som heiter «hjelp». Den har, så vidt eg veit, ikkje vorte teke i bruk i kyrkja. Hjelp stod på trykk i ei av dei første utgåvene av «Frå landevegen», og den handlar om det sosiale arbeidet til kyrkja.

Eg leitte også i songbøkene etter romanisongar, og fann mange fine songar. Eg valde, fordi eg ikkje sjølv er tater, å gjendikte desse til nynorsk slik at eg kunne presentere dei som skodespelar. Eg ville sjølvsagt at tatarane skulle ha ei stemme i denne historia. Eg hadde eit håp om at det skulle skje noko når ein sette saman dei dokumentariske tekstane og protokollane i møte med dei emosjonelle songane. Eg testa dette ut, og fekk fort svar på at det fungerte.

Familiær skam og stoltheit

Eg hadde ikkje lang tid på å lage dette manuset, og hadde ikkje gjort noko liknande før, så eg må innrømme at eg strevde. Eg trur alle som forsøker å ei slik historie med utgangspunkt i eigen familie kjem ut over problemet: «Kva er interessant for publikum og kva er interessant for meg som slektning?» Eg rota meg vekk og hadde på eit tidspunkt stoff til ei ti timars framsyning. Eg hadde mykje stoff om Walnum si utvikling frå ung gut til vaksen mann. Eg fann etter kvart ut at eg måtte sortere.

I kontrasten til farmor, som var så stolt, så kjende eg på ei skam over at min tippoldefar hadde vore med på noko som i ettertid har vorte karakterisert som eit folkemord, og at han har vorte trekt fram som hovudarkitekt for den brutale fornorskingspolitikken. Dette var vanskeleg for meg, men etter kvart som eg jobba med det så vart det mindre personleg skam, og eg satt eg igjen med ein skam knytt til at eg som samfunnsborgar ikkje har kjend til denne historia. Det var den store historia som tvang seg fram. Utgangspunktet var å forske på min tippoldefar si rolle, kven han for, korleis han tenkte og korleis det som var så godt kunne bli noko så vondt. Det starta der, men den større historia, historia til tatarane i Noreg, tvang seg fram.

Aktuelt også i moderne tid

Det kanskje mest interessante for meg sjølv er at dette har vore ei personleg oppvakning. Eg trudde eg skulle grave i noko som handla om «gamledagar», men så fann eg mi eiga tid. Det er så mykje som skjer i dag som eg kjenner har ein klangbotn i denne historia. Walnum sitt prosjekt var å kristne og busetje tatarane, og dette skulle skje gjennom barneheimar og tvangsarbeid, til dømes på Svanviken arbeidsleir. Dei skulle bli som andre nordmenn. Etter 18 månader på Svanviken skulle tatarane få sine eigne bustader rundt om i norske kommunar. Eg veit at ei av dei vanskelegaste oppgåvene var å finne bustadar til dei, for norske kommunar ville ikkje busetje dei. Folk ville ikkje ha dei inn på livet. Då diskusjonen om syriske flykningar kom no så tenker eg at dette er som eit ekko. Å leite bakover kan gjer at ein ser ting i si eiga tid. Dette har vore ei omvelting for meg sjølv.

Som skodespelar framfører ein som regel fiktive historier, men dette er noko som har skjedd og som til og med gjeld menneske som lev i dag. Ansvaret for korleis ein skal leggje fram ei slik historie har eg kjent veldig på. Men eg har også kjent på ei glede over å kunne fortelje ei  viktig historie.

Svart-kvitt bilde av små hus bak gjerde.
Foto: Svanviken Arbeidskoloni på Nordmøre. Fotograf er ukjend. Kjelde: Riksarkivet på Wikimedia Commons.

Språk og identitet

Ein annan ting som gir klangbotn til moderne tid er tankar om språk. Ein har møtt mange rare førestillingar om at språk er farleg og smittsamt. Eilert Sundt, som var ein av dei første som oppdaga tatarane og studerte språket deira, meinte at språket deira var smittsamt og forderveleg. Slike syn på språk har ein også hatt ovanfor det samiske språk, og ein ser tendensar til det knytt til innvandrarspråk. Eg har si søster som jobbar som lærar i Oslo, og der er det slik no at born med ein annan kulturell bakrunn og eit anna morsmål enn norsk ikkje får lov å snakke språket sitt i skulegarden. På skulen skal dei snakke norsk.

Eg forstår sjølvsagt at det er viktig at ein lærer å snakke norsk, men eg kjenner at det provoserer meg at ein har teke vekk morsmålsundervisinga i skulen. Restar av den gamle fornorskingstanken lever framleis. For å dra ein parallell: Som skodespelar på teaterskulen må ein legge frå seg dialekta si og lære seg eit nytt. Eg måtte lære meg østnorsk. Det ein opplever når ein må legge frå seg si eiga dialekt og verkeleg gå inn i eit anna språk, er at du føler at du mistar uttrykket ditt. Du greier ikkje å uttrykke deg skikkeleg. Forskarar seier at det er det språket ein har rundt seg dei 3-4 første leveåra som ein elskar og hatar med. Det å ikkje få lov til å bruke sitt eige språk gjer gjerne at uttrykket ditt vert fattigare. Ein skodespelar som ikkje får til transformasjonen blir ein fattigare skodespelar. Dei fleste skodespelarar lever mykje meir på sitt eige språk. Difor er eg veldig glad for å jobbe på Det Norske Teatret der eg kan bruke nynorsk og bruke min eigen klangbotn frå nynorsken, for då har eg med meg mykje meir av meg sjølv inn i formidlinga.

Når det gjeld politikken knytt til innvandrarar så meiner eg at det er ei kortslutning å fjerne morsmålsundervisning. Viss vi held fram med å lære folk at «språket ditt er ikkje bra nok», kan ein skape trykkokarar. Folk får ikkje uttrykke seg, og ein sit igjen med ei kjensle av at det ikkje er bra.

I Walnum si kyrkje på Leikanger

bilete frå ei framsyning inne i ei kyrkje.

Eg vart veldig glad for å bli invitert til å kome til Leikanger. Eg har gleda meg og eg har vore spent. Det var veldig spesielt å vere i Leikanger kyrkje. Walnum har skrive mykje om Leikanger – «det deiligste stedet eg vet». Tida han var prest i Leikanger må ha vore ei lykkelig tid for han. Han må ha hatt ei utruleg verketrong og energi og glede over arbeidet. Far til Walnum var også prest og var ikkje imponert over sonen som blant anna strevde med å gjere seg ferdig med studiane. Då Walnum kom til Leikanger fann han på mange måtar si rolle – ei ny sosiale presterolle. Det må ha vore ei rik tid for han. Det var veldig spesielt å vere i hans kyrkje.

Eg hadde tenkt før eg kom at eg måtte bruke preikestolen. Fleire av tekstane eg har henta frå månadsbladet til misjonen er nesten som små preiker, og kanskje har han stått nettopp i denne kyrkja og sagt desse orda. Det var veldig spesielt å stå på hans preikestol, å finne portrettet av han i gongen og av fetteren hans, Jakob Sverdrup, som var prest i Leikanger før han, å gå på det golvet og vere i det rommet. Det var ei sterk oppleving for meg.

Drypp frå arkiva kan spele ei viktig rolle

Det er så viktig og bra at Fylkesarkivet no jobbar med å synleggjere tatarane i arkiva. Dette har vore eit nomadisk folkeslag som ikkje har hatt ein skriftleg tradisjon, og difor kan dei bli usynlege. Det vert ei feilvekt når ein har mykje skriftleg dokumentasjon, for eksempel etter ein person som Walnum, og så lite etter dei reisande. Men dei dukkar opp, og alle dei små dryppa frå arkiva kan til saman fortelje ei historie.

Det vart lagt fram eit dokument for Stortinget - tater-/romaniutvalet sin NOU om fornorskingsprosessen. Der kom det fram at psykiatrien framleis ikkje vil opne arkiva sine. Det er framleis eit misforhold mellom kva ein kan dokumentere av overgrep mot folket og det dei sjølve fortel. Det er ein skam. Det er absolutt på tide at også dei opnar arkiva sine. Nettopp fordi dei ikkje har hatt ein skriftleg tradisjon, og fordi så mange rett og slett har bukka under for de dei har vore utsett for, så er det eit misforhold når det gjeld kva historier som vert fortalt. Eg ser ingen grunn til ikkje å stole på dei munnlege forteljingane.

Jo meir som kan dokumenterast jo betre. Dette er viktig av mange grunnar: Vi må alle lære meir om kva som har skjedd og forstå mekanismane for at det ikkje skal kunne skje igjen. Eit slikt arbeid vil også kunne vere med å bygge opp stoltheita til dette folket som har vorte påført skam frå storsamfunnet. Det er eit livsviktig arbeid for mange. Menneskliv er som puslespelbitar. Det dukkar opp ei lita opplysing i eit arkiv her og i eit arkiv der. Til saman vert det danna eit bilde. Det er veldig viktig å ta vare på desse spora. Eg er veldig glad for at de gjer denne jobben.

Les meir om Sogns Barneheim:

Les meir om teaterstykket "Frå Landevegen": Det Norske Teatret - Frå Landevegen

Illustrasjonar: 

  • Plakatbilete frå framsyninga "Frå Landevegen" (2015)
  • Jacob Walnum, foto Eivind Enger.
  • Svanviken Arbeidskoloni på Nordmøre ca 1910-1930. Fotograf ukjend. Kjelde Riksarkivet
  • Gjertrud Jynge med musikar Espen Leite i Leikanger kyrkje. Foto: Sigrun Espe/Vestland fylkeskommune