Ingrid Schei Stuhaug frå Naustdal har spelt hardingfele sidan ho var lita jente, og eit bilde frå familiealbumet viser at felespeling ved frukostbordet gjerne vart gjort iført slåbrok og med blåbærsylte på skiva. Mange år seinare kan ho skilte med solide kappleiksplasseringar både som solist og saman med Gamlebanken spelemannslag, Team GløsTøs, mfl.

Stuhaug frukost.jpg- Eg har vore heldig og fått lære av mange spelemenn i oppveksten, og har på den måten blitt eksponert for fleire ulike stilideal og typar repertoar. Og for meg har det alltid vore heilt naturleg å spele både runddans- og bygdedansmusikk side om side. Det er vel et resultat av både arv og miljø.

Arkiva har Stuhaug nytta i jakta på nye slåttar å lære seg. Og ikkje minst har kjeldematerialet gjeve henne auka innsikt i tradisjonskunnskapen.

- Kva slåtteformer brukte spelemennene før, kor fort spelte dei, korleis trampa dei, kva type ornamentikk brukte dei? Her er det uendeleg mykje å lære – og undre seg over. Arkiva er rett og slett ypparlege for nerding!

Lyden av fortida

Kanskje er det typisk for folkemusikaren å vere retrospektiv. Lyden av musikken i fortida er ein stadig referanse for korleis vi utformar musikken i notida. Og, ikkje minst, den munnlege kommentaren om farne spelemenn er nesten for obligatorisk å rekne.

- Gjennom heile oppveksten har eg høyrt forteljingar om gamle spelemenn og korleis dei spelte. Men det er noko ganske anna å høyre nokon fortelje om, enn å høyre opptak av spelemannen sjølv. Som regel er ikkje spelet heilt slik som eg hadde sett føre meg, og det skuldast nok at vi alle lyttar og tolkar det vi høyrer ulikt. Slik sett er arkivmaterialet eit utgangspunkt for ei rekkje tolkingar som kan føre til temmeleg ulike klingande resultat.

Ulike tider – ulik inspirasjon

Porteføljen av inspirasjonskjelder er brei og med store kontrastar. Og kanskje ulik mange andre av dagens utøvarar sine porteføljer.

- Kva eg har høyrt på har sjølvsagt variert ut frå kva eg har vore interessert i og nysgjerrig på til ei kvar tid. Å sjå tilbake på lista over tingingar frå arkivet er difor litt som å lese mi eiga historie og min eigen prosess. Spennet er stort, men samstundes er det noko verdfullt og interessant ved alt eg har høyrt på.

For kva har eigentleg utøvarar som Adolf Paulen, Sigbjørn Bernhoft Osa, Knut Snortheim, Sjur Hesjevoll, Kristoffer Kjerland, Alf Åsnes, Olav Sperle og Torleif Bolstad til felles utover å spele fele? Det kan vere alt og ingenting, men noko ved spelet deira har fanga interessent til Stuhaug.

Å høyre at nokon smiler

Ein av Stuhaug sine absolutte favorittar er valdresspelemannen Torleif Bolstad – ein bauta i norsk folkemusikk som har inspirert fleire generasjonar spelemenn.

- Kjeldematerialet i arkiva fortel meg at det nok var bygdedansmusikken mange av spelemennene helst spelte og interesserte seg for. Men så fekk eg høyre Bolstad, og det var utruleg kjekt å oppdage det gode runddansrepertoaret hans. Han spelar med overskott, variasjon og musikalsk foredrag, og det er ikkje tvil om at han verkeleg likte det!

Sjølv tykkjer ho det kan vere vanskeleg å spele runddansmusikken godt som solist, fordi utfordringa ligg i å gjere det enkle interessant. Men verre er det ikkje enn at ho spelte seg til finale og sølvmedalje på NM i 2015!