Forretningsmannen Thorvald Beyer frå Bergen inngjekk i 1889 ein leigeavtale i 20 år for elva Jølstra. I 1903 fekk han dessutan tinglyst skøyte på futegarden Bruland.

Thorvald disponerte også fisket i andre norske vassdrag. Bak Beyers leige av elvar låg det både ei personlege interesse og næringsaktivitet. Thorvald var ein ivrig laksefiskar. Men han dreiv også eit reisebyrå, med engelske sportsfiskarar som ei av målgruppene.  

Beyer var langt frå den einaste som disponerte fiskerettar i norske elvar. Gaula vart til dømes leigd bort til engelskmannen Charles Thomas-Stanford.

Meir uvanleg er den solide dokumentasjonen frå laksefisket i Førde. I alt er det teke vare på tre såkalla "Sports journalar" frå Bruland. Dei inneheld både fiskehistorier og jaktforteljingar. Dessutan er det vèrobservasjonar og ein del noteringar om mat, kortspel og andre ting.

Saman med dei tre protokollane følgde det òg med eit fotoalbum. Vi takkar Frants Beyer, Knut Bruland og Mathias Beyer for det innleverte materialet!

Vi har digitalisert dei tre sports journalane
- Sports journal 1904-1914
- Sports journal 1914-1920
- Sports journal 1920-1933

Litteratur:
- Skåre, Jan: Sportsfiskarane kjem : om elvefisket etter laks ca. 1860 og fram mot første verdskrigen. I: Jul i Sunnfjord 2006
- Skåre, Jan: Thorvald Beyer og futegarden i Førde