Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen har no fyrt av startskotet for det det store skuleprosjektet Skulen min. Hyllestad vil vere vår pilotkommune. Vi ynskjer å få fram ei mest mogeleg komplett skulehistorie for fylket fram til 1960/70-talet som skal presenterast i ein digital portal. Denne skal vere open for alle, brukarvennleg og eit godt og nyttig verkty både for folk flest og fagfolk. Vi er ambisiøse og tek sikte på at arbeidet vårt og den digitale løysinga skal danne mal for andre fylke.

 

lavik skulemusikk.jpg

Leirvik Skulemusikk fotografert i 1966. Harald Furre var dirigent. Han kom til Leirvik som lærar i 1965, og starta opp Leirvik Skulemusikk, som var det første korpset i kommunen. Eigar av biletet er Ragnhild Sognnæs.

Skulen er og var viktig for folk

Folk i fylket er og har vore opptekne av skulen sin. Les vi gamle skulestyreprotokollar og andre skriftlege kjelder ser vi at nedlegging av skular og for ikkje å snakke om plassering av skular, kunne få sinna i kok. Debattane og diskusjonane om kvar  ein skule skulle liggje, kunne gå i årevis. Kven har ikkje høyrt historier om at folk gjekk med måleband for å vere heilt sikre på at nyeskulen vart liggjande  på meteren slik at alle i krinsen fekk like lang skuleveg.  Skulen kunne då hamne midt i ei myr, men lik avstand vart det.

Skulevegen er også ei viktig del av skulehistoria

 Skulevegen var også tema i tidlegare tider, slik det er i dag.  Dagens foreldre protesterer når skular vert lagde ned og barna må fraktast med buss i fleire timar per dag. Går vi litt tilbake i tid, handla protestane meir om lang og farleg skuleveg til fots eller til sjøs. I kjeldene våre kan  vi finne  døme på at foreldre på 1960-talet har fått litt betaling for å følgje borna over farlege parti til og frå skulen. Skulevegen kunne og vere så lang at barna måtte bu på hybel.

Den digitale portalen

Arkivmateriale frå skulane er mykje etterspurt. Det kan t.d. vere namn på lærarar, tal på elevar, når skulen vart bygt, når skulen vart nedlagt, kvar skulevegen gjekk, kor mange veker dei gjekk på skulen, eller det kan vere folk som er på jakt etter slekta og brukar skuleprotokollar  i dette arbeidet. Ein digital portal fullspekka med opplysningar vil gjere dette arbeidet enklare både for oss og publikum. Gjennom den digitale portalen, som vil vere kartbasert og sorter t etter kommunar, skal vi kunne gå inn og få fram opplysningar om den einskilde skulen, bilete av skulehuset, interiør, elevar, lærarar mm. Målet er også å få fram endringane i krinsane på det digitale kartet slik at vil kunne sjå korleis skulestrukturen har endra seg.

Samarbeid med alle gode krefter i kommunane

Skulen rommar så mykje, og dette ynskjer vi å få fram gjennom prosjektet vårt.  Men å kartleggje flest mogelege sider ved skulen i heile fylket, er omfattande. Vi  må difor ut på frieri til alle gode krefter som kan sitje på informasjon, bilete, gode historier etc.  Det er ute i kommunane, grendene og bygdelaga at kunnskapen finst. Det kan vere hos kommunen, i sogelag, pensjonistlag, andre frivillige lag og ikkje minst hos einskildpersonar.

skuleruteskifjorden.jpg

Båten som var brukt som skulerute i Skifjorden. Det var Olav Bordvik som eigde den. Seinare overtok broren Oddvar. Denne skuleruta gjekk fram til 1961-1962, då det kom veg. Dette var ei kombinert skule- og postrute. Ruta hadde fem-seks stoppestadar etter kvar det var skuleborn. Båten hadde ikkje namn, men vart berre kalla for 'Skuleskyssen'. Her ligg han ved bua til Oddvar Bordvik. Hans Waage står i budøra.

Pilotprosjektet er i gong

Vi valde Hyllestad som pilotkommune. Kommunen er spreiddbygd og rimeleg stor i omfang, med busetnad  både ved innland og kyst. Korleis folk budde, speglar skulestrukturen og dette ynskjer vi å få fram. I ein pilot kan vi prøve, feile litt og justere kursen undervegs. Kvar veke jobbar no to tilsette på Fylkesarkivet med å gå gjennom heile skulearkivet for å få oversikt og registrere opplysningar som vi tenkjer skal inn i den digitale portalen. I tillegg har vi hatt fyrste møte med nokre aktuelle informantarar og samarbeidspartnarar og fått idear og innspel. Men arbeidet er så vidt starta, så ta gjerne kontakt om du har noko på hjarta, stort eller lite.

Vi tek i mot all informasjon med takk!