Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Historikk Hordland

I Hordaland vart det i 1986 oppretta ei mellombels lokalhistorisk rettleiingsteneste med arkivar i halv stilling. Tenesta vart permanent frå 1990. i 1991 vart det etablert eit mellombels fylkesarkiv, og året etter vedtok fylkes­tinget at arkivet skulle vera permanent frå 1993, og at det skulle overta arbeidet til Lokalhistorisk rettleiingsteneste. 

Denne teksten om etableringa av og arbeidsoppgåvene ved Hordaland fylkesarkiv vart vart skriven av Egil Nysæter og publisert i magasinet Byarken - informasjonsblad for Bergen byarkiv og Lokalhistorisk arkiv i Bergen - utgåve nr. 2 i 1994. 

Historikk Sogn og Fjordane

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart oppretta som ei prøveordning av Sogn og Fjordane fylkeskommune i 1983, og vart etablert som fast ordning frå 1986. Fylkesarkivet har sidan starten drive omfattande prosjekt- og utviklingsarbeid på arkivfeltet, og vert rekna som ein viktig aktør i utviklinga av digitale løysingar. Fylkesarkivet har ei rekkje samarbeidspartar i institusjonar, organisasjonar og einskildpersonar både nasjonalt og internasjonalt.

Denne artikkelen stod på prent i Kjelda 3/2013 i samband med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt 30-årsjubileum.