Kommunearkivordninga skal i 2017 bygge opp ei ny ordning- og digitaliseringsteneste. Tenesta er ei framtidsretta satsing med stort potensiale for utviding, og er av stor verdi for bevaring av kulturarven.
Fylkesarkivet frå 1. september 2017 ledig:
To 100% stillingar som arkivmedarbeidarar – 2-årig engasjement
Stillingane vert fordelte på digitalisering og ordning. Oppgåver knytt til den daglige drifta på kommmunearkivordninga fell også innunder stillingane. Den nytilsette vil få innsyn i omfattande nyare historisk materiale frå fylket. Fylkesarkivet har i dag 14 tilsette i eit dynamisk miljø med utfordrande og interessante arbeidsoppgåver, og held til i moderne arkivlokale på Leikanger. Kommunearkivordninga til fylkesarkivet arbeider med bevaring og rettleiing i arkivspørsmål for fylkeskommunen og kommunane i fylket.