Silje Engeland er 24 år og bur resten av året i Trondheim, men kjem frå Nordfjordeid. Ho har nylig levert masteroppgåva si i musikkvitskap ved NTNU. Oppgåva handla om offentleg militærmusikk i Trondheim mellom 1825 og 1850. Silje har også ein bachelorgrad i musikkvitskap frå NTNU, med eit årsstudium i geografi. På fritida spelar ho valthorn i korps og orkester, og er også glad i å ta bilete, strikke og sy.

Hans Sindre Rein er 25 år gamal og oppvaksen på Algrøy, ei øy heilt vest i havet ca 35 minutt frå Bergen. Han har fullført elektrofag og brønnteknikk på vidaregåande og gjekk etter det to år i lære som boredekksoperatør i Nordsjøen. Interessa for å fortsetje i Nordsjøen var ikkje så stor og hausten 2013 byrja Hans å studere historie ved Universitet i Bergen og er  snart er i mål med ein mastergrad i historie. Hans bur saman med sambuaren sin på Askøy og fotball, fjellturar og hagearbeid er dei store interesser i tillegg til historie.