Håkon Høgemo frå Årdal begynte å spele hardingfele då han var fem år gamal, og fekk lære sine første slåttar av faren. Etter kvart tok han til å gå i lære med myrkdølen Lars Skjervheim, og var dessutan aktiv deltakar i Årdal spelemannslag. Og ikkje minst har han lytta til timesvis med opptak av gamle spelemenn. Slik har han fått lære både sognaspel og vossaspel i Helgelandstradisjon, telespel og valdresspel frå både levande læremeistrar og historiske lydopptak.

I dag kan Høgemo sjå tilbake på ei årrekkje som musikar med omfattande konsertverksemd og prisvinnande plateutgjevingar både som solist og saman med Utla, Karl Seglem, Bufaste Tonar, for å nemne nokre. Mange unge hardingfelespelarar har fått glede av å gå i lære hjå Høgemo, anten som elevar i kulturskulen, eller som studentar ved Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskole.

Kjeldemateriale gav innsikt og oversikt

- I min ungdom hadde eg tilgang på mange private opptak som i den tid ikkje fans i arkiva. I heimen hadde vi til dømes innspelingar med Sjur Hesjevoll frå Jostedalen, og seinare fekk eg låne opptak med Sigurd Eldegard frå Årdal. Eg hugsar eg sat klistra til høgtalaren!

På 1980-talet oppdaga Høgemo at det i arkiva fans opptak med spelemannen Klaus Sande frå Nessane og Olaf Sperle frå Jostedalen, og slåttane han lærde frå opptaka kan vi framleis høyre framført på konsertar og plateutgjevingar.

- Det er eigentleg ei god stund sidan eg aktivt har nytta arkivet og gamle opptak. Men i ungdomen, då eg som spelemann verkeleg var svolten, høyrde eg på veldig mykje forskjellig. Prøvde å lære meg alt som var. Det var jo ikkje alt eg fall like mykje for, men det gav meg ei god oversikt og ei unik innsikt i tradisjonen og spelestilen.

Ornamentet som rytmisk verkemiddel og pynt

Om melodien og rytmen er beingrinda, så har spelemannen med ornamenta høve til å pynte og smykke ut slåttane med dei vakraste trillar og slag. Det kan vere stor variasjon og skilnad mellom ulike tradisjonsområde når det gjeld stil, og ikkje minst er ornamenta ofte spelemannen sin heilt særeigne signatur.

- Lars Skjervheim hadde ein ide om at det var best å bruke ornamenta der du minst venta at dei kom, og det er nok ein ide som har vore med meg sidan. Så tykkjer eg også ornamenta er svært viktige for det rytmiske, og eg nyttar trillar som ein type underdeling. Slik blir ornamenta like mykje eit rytmisk verkemiddel som pynt og utsmykking.

Høgemo er ikkje mellom dei som fyller kvar ein ledig plass med trillar. Og kanskje kan han spele ein heil slått med berre nokre ytterst få, men velplasserte slag.

- Du veit, eg likar ikkje å grise det for mykje til, og spelar på mange måtar ganske enkelt. Men når eg først skal slå til, då må det vere heilt på plass. Eg apar etter Jostein Fjærestad, mitt store førebilete i ungdomen. Han var enormt god på akkurat det – beint fram spel!

Trong til å endre og utvikle

Det skapande er ein viktig del av folkemusikken. Mange slåttar har eit langt liv der dei blir vidareført og omforma av generasjonar med spelemenn. Kjernen består, men gamalt forsvinn og nytt kjem til.

- Det er ingen som kan alle slåttar som har vore spelt på hardingfele. Det er jo tusenvis! Og tusenvis av variantar! Kvar spelemann har sin måte å gjere det på. Og difor er arkiva så viktige. Her kan vi finne att slåttar og variantar av desse, mange tiår etter at dei har vore i bruk.

For Høgemo har trongen til å endre og utvikle vore sterk heilt sidan han som gutunge spelte sine første tonar på fela.

- Eg har alltid vore oppteken av form. Altså, korleis ein gjennom repetisjonar og variasjonar av melodi- og rymemotiv kan forme oppbygginga av ein slått. Ofte har eg tykt at andre spelemenn har spelt fantastisk godt, men har samstundes tenkt at eg ikkje ville vere nøgd med å gjere det på den måten. Då har det vore både lett og nødvendig å gjere endringar, slik at eg sjølv vart nøgd med det eg gjorde.

 

På denne lenkja kan du sjå TV-programmet «Fela» frå 1983 i NRK-arkivet. I programmet møter du 18 år gamle Håkon Høgemo i samspel med læremeister Lars Skjervheim.

Høyr Håkon Høgemo spele springaren «Slidringen» etter Sjur Hesjevoll. Dansarane på opptaket er Oddbjørg Ese og Lidvin Hesjevoll, begge frå Jostedalen.