Det einaste komplette pergamenthandskriftet av den eldre Gulatingslova har vorte digitalisert. Den digitale utgåva er publisert på heimesida til Fylkesarkivet i Vestland. Gulatingslova er den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden.

– Det er viktig for oss at denne unike lovsamlinga er tilgjengeleg for så mange som mogeleg. Sjølv om manuskriptet ligg i København så kan kven som helst no bla seg gjennom dei digitale kopiane av det vakre, handskrivne manuskriptet, seier Anne Hopland, dagleg leiar på Tusenårsstaden Gulatinget.

Rantzau-boka

Det eldste eksisterande manuskriptet av Gulatingslova er frå slutten av 1000-talet, men det einaste komplette manuskriptet er frå siste halvdel av 1200-talet. Dette manuskriptet vert kalla Rantzau-boka, etter Christian Rantzau som donerte lovboka til Det Kongelige Bibliotek i København i 1731. Boka ligg i dag i Københamn med signaturen E don. var. 137 kvart.

Biblioteket i København har digitalisert manuskriptet, og Tusenårsstaden Gulatinget, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har publisert den digitale utgåva slik at den er tilgjengeleg på nett: Rantzau-boka.

Dette manuskriptet er i gotisk handskrift. Dei som ønskjer å lese Gulatingslova på meir forståeleg nynorsk kan finne ei digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket: Gulatingslovi av Knut Robberstad.

gulatingslova_utsnitt.png

Unik lov

– Gulatingslova er unik i europeisk rettshistorisk samanheng, fordi den garanterer bøndene stor grad av autonomi og sjølvråderett, seier Hopland.

Bøndene på Gulatinget godkjende lovene som skulle gjelde, i direkte forhandlingar med kongen og kyrkja. Gulatinget er opphavet til dei norske styringstradisjonane der representantar for distrikta møttest for å delta i den politiske styringa.

Mange tema

Gulatingslova dekka svært mange juridiske tema. Ho er delt inn i desse bolkane:

  • Kristendomsbolk – om kristne påbud og forbud
  • Kaupebolk – kjøpsloven
  • Kvende-burtgifting – om giftermål
  • Løysingslov – om treller og frisetting av treller (løysinger)
  • Landsleigebolk – om jordleie, naboforhold, seter, jakt
  • Arvebolk – om arv
  • Tingbod – om innkalling til ting, edsavleggelse
  • Rettarbøter – om bøteleggelse etter lovovertredelser
  • Kvalrett – om strandet hval og hvalfangst
  • Mannhelgebolk – om mord og drap, vold, slagsmål, ærekrenkelser
  • Tjuvebolk – om tyveri
  • Odelsøysing – om odelsgårder
  • Utgjerdsbolk – om leidang (krigerfølge)

Frå landskapslov til landslov

Ein skil mellom den eldre Gulatingslova, som gjaldt fram til 1267, og den nye Gulatingslova, som gjaldt frå 1267 til 1274. I 1274 vart Gulatingslova avløyst av kong Magnus Lagabøters Landslov, den fyrste felles lova for heile Noreg.

Det har vore vanleg å rekna den nye Gulatingslova som ein revisjon av den eldre Gulatingslova, gjort av kong Magnus Lagabøter som fyrste del av eit større revisjonsarbeid av rettsbøkene for alle dei fire lagtinga.

Tingstaden

Gulating var saman med Frostating, Borgarting og Eidsivating eitt av fire lagdøme på det norske fastlandet i mellomalderen. Kvart lagdøme hadde si eiga landskapslov. Gulatingslova gjaldt i «Gulatingslagen» - lovområdet til Gulatinget, som på 1100-talet omfatta heile kysten frå Agder i sør til Sunnmøre i nord, samt Valdres og Hallingdal.

Tingstaden var opphavleg i Gulen og vart mest sannsynleg oppretta om lag 930. Lagmenn hadde ansvar for å hugse lovene og proklamere dei på tinget fram til lova vart skrive ned rundt 1100.

Den autentiske tingstaden var i Eivindvik. Eit anglisk kors frå 900-talet markerer plassen der Gulatinget først var samla.

På midten av 1200-talet vart tinget flytta. I Landslova av 1274 står det at tingstaden var på Guløy, ei halvøy som ligg utafor Flolid. Tusenårsstaden Gulatinget er reist i området der ein meiner at den nye tingstaden låg.

Gulatinget vart flytta frå Gulen til Bergen rundt 1300, og held fram som Gulating lagmannsrett som i dag er ein rein domstol.

Bla i Gulatingslova

Kjelder: