I ei ny bok laga av frivillige eldsjeler blir historia til Grendahuset Ljosheim i Eksingedalen formidla. Fylkesarkivet i Vestland har på bestilling frå forfattarane bidratt med bilete til boka. Vi i Vestland fylkeskommune er glad for at folk og institusjonar tar i bruk våre tenester i sine prosjekter. 

Ljosheim fyller 125 år i år og er eitt av Noregs eldste ungdomshus, ungdomslaget i Eksingedalen var svært tidleg ute som medlem i Noregs Ungdomslag, som nummer tre i landet. Planlegging og bygging av forsamlingshus var ei sak som engasjerte i mange ungdomslag og i 1897 vart ungdomshuset Ljosheim reist. Laget fekk etter kvart namnet Dølalaget og lagsbladet vart kalla Dølen.

Perioden frå 1880 til 1905 var ei kamptid mellom venstre- og høgresida i politikken, og ungdomslaga stod ofte langt til venstre. Ungdomslaget på Ljosheim var en del av den frilyndte ungdomsrørsla som gjekk i brodden for å markere det norske som 17.mai feiring eller bruk av det norske flagget.

Den viktigaste aktiviteten for dei fleste ungdomslaga i Noreg var lagsmøta. Eit typisk møte i ungdomslaga hadde gjerne eit variert program med song, foredrag, spørsmål og svar, folkeviseleik, diskusjon og opplesing av lagsavis.

Tema for foredrag og diskusjon var ofte politiske emne som til dømes målsak og røysterett, på denne måten var ungdomslaga viktige for demokratiseringa.

Heilt frå starten har teaterverksemd og kulturformidling hatt ein viktig plass hjå ungdomsrørsla og gjennom åra har mange ungdomshus hatt framføringar av stykke skrive av mellom anna Ivar Aasen og Hulda Garborg.

Vi gratulerer dugnadsfolket i Eskingedalen med jubileum og publiseringa av boka; Drivkraft i Eskingedalen.