Gjennom historia har det vore utvikla mange ulike system for å notere musikk. Eit notesystem med fem linjer der ulike symbol blir plassert i forhold til notelinjene er det mest utbreidde notesystemet i dag. I dette systemet kan vi til dømes lese tonehøgd og tonelengd i ein bestemt toneart og taktart, men det kan også noterast informasjon om tempo, dynamikk, og mykje meir.

Innsamlarane sitt verktøy

Før teknologien gjorde det mogleg å gjere lydopptak, var notesystemet det viktigaste verktøyet folkemusikksamlarane hadde i si dokumentasjonsverksemd. Dei oppsøkte utøvarar i det ganske land, og skreiv notar så blekket spruta! Korte og lange, rare og fine – dei gamle transkripsjonane viser eit stort mangfald av melodiar både sunge og spelt.

Kan notane fortelje alt?

Sjølv om eit notebilete kan innehalde svært mykje informasjon, vil det vere nærast umogleg å gjere så presise og detaljerte notasjonar at det fullt ut kan svare til den informasjonen ei levande framføring eller eit lydopptak representerer. Difor er det ikkje å undrast over at innsamlarane tok i bruk opptaksteknologien så snart den vart tilgjengeleg. Målet deira var ikkje berre å dokumentere eit repertoar, men også korleis det let når utøvaren song eller spelte. Stil, estetisk uttrykk, klang, rytmikk, og mykje meir.

Eit viktig verktøy også i dag

Men det er jo mange som brukar notar den dag i dag, tenkjer du kanskje no. Og det er heilt rett. For mange utøvarar og komponistar er notane eit arbeidsverktøy og eit formidlingsmedium. Ved hjelp av notar har komponisten moglegheiter til å få spreidd musikken sin til mange på same tid, og notane er ofte eit viktig verktøy for innstudering av nytt repertoar for utøvaren. Samstundes er det slik at du aldri vil lære å spele musikk ved å stø deg på notane åleine…

Musikk som immateriell kulturarv

Transkripsjonar av musikk er grunnlag for mange diskusjonar. Kva representerer dei? Er det eit verk eller ei framføring som blir notert? Vi skal ikkje ta denne diskusjonen her, men nøyer oss med å slå fast at ein stor del av vår immaterielle kulturarv hadde gått tapt for alltid om ikkje notesystemet hadde vore funne opp og teke i bruk.