Som ein del av Vestland fylkeskommune er vi glade og stolte over alt som skjer på arkiv- og kulturfeltet i fylket vårt. Mykje spennande har skjedd i 2021, og vi gler oss allereie til spennande prosjekt, satsingar, samarbeid og utvikling i 2022. 

Eit av motiva frå årets digitale julekort frå Vestland fylkeskommune er Loftesnesbrua i Sogndal. I ein artikkel av Kristin Ese på Kulturhistorisk leksikon kan ein lese at Loftesnesbrua var det første bru- og vegprosjektet som vart bompengefinansiert i fylket. Brua sto ferdig i november 1958. I ein 20-årsperiode hadde det gått ei lita pendelferje over Loftesnessundet, og før det igjen, vart folk og fe rodd over sundet. Brua var eit viktig steg framover for den landbaserte samferdsla i midtre og indre Sogn - og gjorde sambandet austover enklare. Heile artikkelen kan du lese her: Frå ferje til bru over Loftesnessundet

julekortVLFK2021_loftesnesbrui.jpg

God jul frå alle oss ved Fylkesarkivet! 

Arnt Ola, Elin, Sigrun, Espen, Sturla, Per Olav. Paul, Hedvig, Karl Peder, Eirik, Kristine, Dorthea, Olav, Martin, Kristian, Anne Elisabeth, Eirik, Hege, Anett, Anna, Kyrre, Sofie.